Hopp til innhold

Gav Ap-topp visne roser

Ålesund Natur og Ungdom ville provosere Ap.

Natur og Ungdom gir Ap-Johansen visne roser

VISNE ROSER: Arnstein Vestre og Natur og Ungdom gir Raymond Johansen visne roser.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Då Raymond Johansen (Ap) kom til Sunnmøre i valinnspurten, slo Ålesund Natur og Ungdom til. Med leiar Arnstein Vestre i spissen troppa dei opp på scenen med visne roser til partisekretæren.

Ville provosere

Natur og ungdom ville først og fremst provosere Arbeidarpartiet.

- Ap har ikkje gjort ein god nok jobb i regjering. Dei har hatt store moglegheiter til å utrette mykje, men dei har gjort lite. Klimaendringane er farlege, urettvise og dei er allereie i gong - og der trengs tiltak straks for å unngå dei verste konsekvensane, sa Arnstein Vestre til NRK rett før han gjekk på scenen.

Vestre peikar på den potensielle oljeboringa utanfor Lofoten som den viktigaste saka dei er skuffa over Ap for. Han meiner generelt Arbeidarpartiet bør satse meir.

- Dei meiner mykje flott, men har ikkje fått til like mykje i praksis.

Mykje på spel for Ap

Partisekretær Raymond Johansen kom til Møre og Romsdal to dagar før valet for å kapre nokre siste viktige veljarar . Nokre få hundre stemmer skiljer Framstegspartiet og Arbeidarpartiet i kampen om det tredje Stortingsmandatet på Mørebenken.

Raymond Johansen med visne roser

Partisekretær Raymond Johansen tok imot dei visne rosene.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Er Arbeidarpartiet verstingane på miljøpolitikk?

- Nei, både Høgre og Framstegspartiet er verre.

- Men kan de ikkje då skade dykkar eiga sak ved å kritisere Ap i dag?

- Me ønskjer ikkje å kritisere Ap. Me vil oppmode dei til å gjere meir for miljøet. Dei vil jo vere det største partiet uansett om dei kjem i regjering eller ikkje. Og dessutan trur eg ikkje nokon veljarar vel vekk Ap på grunn av dårleg miljøpolitikk for å gå for Frp i staden.

Takka for dei visne rosene

Johansen kom fram på scenen på rådhusplassen i Ålesund for å ta imot dei visne rosene. Han takka ungdommane for engasjementet.

- Me treng vaktbikkjer som dykk. Miljøpolitikk er viktig. Så takk for rosene, og eg er sikker på at dei livnar til viss eg set dei i vatn, sa Johansen.

- Berre ikkje set dei i olje, repliserte Vestre.