Hopp til innhold

Gaute Grøtta Grav vil bli ordførar i Rauma kommune

Gaute Grøtta Grav er mest kjend for å vere programleiar for «Farmen». No vil han bli Høgre-ordførar i «verdas beste kommune for naturglade menneske».

Gaute Grøtta Grav

Folk er vande med å sjå Gaute Grøtta Grav i strikkegenser. Som ordførarkandidat for Høgre har han funne fram blåskjorta.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ei real valbombe blei sleppt på Rauma Høgre sitt møte i kveld. Gaute Grøtta Grav, som ikkje har erfaring frå politikken, stiller som ordførarkandidat for Høgre.

– Eg meiner mykje om korleis Rauma bør vere og kor bra Rauma kan bli. Det nyttar ikkje å sitte heime ved kjøkkenbordet og steike og banne. Eg må engasjere meg, forklarar 43-åringen frå Isfjorden i Rauma.

Vann og blei programleiar

Grøtta Grav blei et kjent fjes då han vann «Farmen» i 2001. Tre år etter fekk han jobben som programleiar av reality-showet som i ei årrekke har vore eit av TV 2 sine aller mest populære program. I sine 20 år i TV 2 fekk han bruk for både støvlar og paljettar som leiar av program som Frøken Norge, Villdyrlegen og Søppelkongen.

– Blir det ikkje stor overgang til å skulle leie ein kommune?

– Både og. Eg har mykje erfaring frå næringslivet. Eg har drive eigne firma og vore investor i andre firma. Å drive ein kommune handlar om å kome i balanse og gjere det beste for innbyggarane og dei tilsette. Der trur eg at eg har mykje å kome med.

Gaute Grøtta Grav i Farmen-genseren

– Eg har aldri angra på at eg slutta i TV 2. Å kome tilbake til Romsdalen utan å måtte rushe til Oslo, er ei udelt glede. Det er fantastisk å bu her i Rauma, seier den tidlegare Farmen-programleiaren.

Foto: Alex Iversen / TV 2

Er Høgre-mann

Det er ikkje tilfeldig at valet fall på partiet Høgre.

– Eg er gründer og næringslivsmann. I tillegg vil Høgre verne naturen og fjella. Vi vil ikkje ha meir utbygging og skal hindre at det nokon gong kjem vindmøller hit. Det er viktig for meg, seier han.

No utfordrar han ordførar Yvonne Wold frå SV som stiller til attval. Grøtta Grav trur at kjendisstatusen kan hjelpe han under valet.

– Eg har eit stort nettverk. Kor viktig det er for ordførarjobben er eg ikkje sikker på, men eg har eit brennande engasjement for Rauma. Eg er ein Rauma-ambassadør og gjer alltid det eg kan for å promotere kommunen til heile landet.

Flytta heim

I 2013 flytta han heim til Isfjorden med familien. Der bur han saman med sambuar Cathrine Montero Moen (31) og deira to born. Paret møttest da dei begge jobba med «Farmen kjendis» i 2016. Grøtta Grav har i tillegg to døtrer frå ekteskapet med tidlegare «Farmen»-vinnar Silje Hvarnes.

– Å flytte til Romsdalen var eit aktiv val. Eg ville bort frå TV-industrien, men eg har lyst å gjere små gjesteopptrednar i blant. Å vere ordførar er ein fulltidsjobb og vel så det, så blir eg ordførar blir det det eg gjer dei neste fire åra.

Meiner han er godt kvalifisert

Lars Olav Hustad er leiar i nominasjonskomiteen i Rauma Høgre og meiner Grøtta Grav er godt kvalifisert.

– Rauma Høgre og Rauma kommune er heldig som får ein slik ressurs inn i det politiske livet. Det vert spennande å følge han framover og vi har store forhåpningar om at han skal verte ordførar i 2023.

Hustad hadde ikkje skruplar med å velje ein kjendis utan erfaring.

– Gaute er ein veldig samfunnsengasjert person, og har god kjennskap til kva som skjer i kommunen. Han er interessert i å utvikle Rauma, seier den tidlegare ordføraren.

Lars Olav Hustad

Lars Olav Hustad vil saman med Gaute Grøtta Grav sørge for at det blir meir engasjement rundt politikken i Rauma.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Engasjert for lokalmiljøet

Grøtta Grav har i haust engasjert seg for kvar leiarane i Rauma kommune bur. Til Åndalsnes avis har han sagt at han meiner det er «uheldig» at leiarar og mellomleiarar i Rauma ikkje har bustad­adresse i kommunen.

– Du får ein uheldig distanse til jobben du utfører når du ikkje bur her, seier Grøtta Grav til avisa.