NRK Meny

Gaupe vart påkøyrd i Nesset

Ei død gaupe vart funnen i vegen i Nesset. Politiet trur det freda dyret har blitt påkøyrd og ber om at bilføraren melder seg.

Gaupe vart påkøyrt

Gaupa vart funnen i vegbanen av ein bilist.

Foto: Oddvar Mittet

Ein bilførar som kom køyrande såg eit dyr som låg midt i vegen på fylkesveg 660 mellom Bugge og Eresfjord i Nesset. Bilføraren gjekk ut og såg at det var ei død gaupe. Gaupa var framleis varm og hadde dermed ikkje ligge der lenge. Politiet fekk melding klokka 19.51. No ber dei om at den som har køyrt på gaupa tar kontakt.

– Sidan gaupa er freda vilt, ynskjer vi å finne ut kva som har skjedd. Vi vil vite om gaupa var åleine eller saman med fleire dyr. Og om den sprang ut i vegen, seier Tove Anita Asp. Ho er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Må ha merka det

Viltnemnda har vore på staden for å fastslå at gaupa ikkje vart skoten, men påkøyrd.

Gaupa veg ca. 10 kilo.

Asp meiner at ein bilførar må ha merka at han har køyrt på eit så stort dyr.

– Dei som køyrer på vilt er pliktige til å melde frå til politiet, seier Asp.

Jakt i området

Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn seier at dei har registrert fire familiegrupper av gauper i Møre og Romsdal. Ei av gruppene held til i Nesset, men ikkje i det området der den påkøyrde gaupa vart funnen.

Nesset er eit kvotefritt jaktområde, der styresmaktene har bestemt at det kan skytast fritt på gaupa mellom 1. februar og ut mars. Førre helg vart det skote to gauper i Nesset.

– Det blir interessant å finne ut kva dyr som vart påkøyrd, seier Lund. Han kan berre minnast gaupepåkøyrslar to gongar tidlegare. Det skjedde i Surnadal og Halsa.

– Dyret opererer i kulturlandskapet og er ikkje så veldig sky til busetnad. Gaupa kryssar vegane, seier Lund.

Dag Ringstad i Statens naturoppsyn har gjort ei rask undersøking av det døde dyret, og seier at det er få ytre skader på gaupa. Gaupa har litt skader i ansiktet.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.