NRK Meny
Normal

Gaupe lét seg ikkje forstyrre under måltidet

Geir Dromnes i Rindal var berre 10 meter unna gaupa som hadde tatt eit rådyr. Sjølv om han filma gaupa og prata til henne, var ho berre oppteken av maten.

Geir Dromnes filma gaupe i middagsmåltidet

Foto: Geir Dromnes

Det var 1. påskedag at foreldra til Geir Dromnes i Lommundal i Rindal høyrde eit skrik i 07 tida om morgonen, men dei såg ingenting i skogen utanfor. Geir er ein ivrig jeger og ut på dagen bestemte han seg for å gå ein tur for å sjå om han såg rådyr. Familien har hatt ein flokk rådyr gåande bak huset i vinter, og dei får forsyne seg av høyet på låven.

– Plutseleg såg eg at det stakk opp nokre føter frå jorda. Det var eit rådyr som var blitt graven ned og skjult, seier Dromnes. Det var Trollheimsporten som først omtalte saka.

28-åringen såg revespor, og trudde ein rev kunne ha vore på ferde, men bitta på rådyret stemte ikkje. Bitet var for grovt. Han bestemte seg for å sette opp eit viltkamera for å sjå kva dyr som kom tilbake etter bytet sitt.

– På kvelden kika vi ut av vindauget og då stod ei gaupe og åt, fortel Dromnes. Han var berre 10 meter unna og prøvde å snakke til henne, men gaupa vart ikkje forstyrra. Gaupa heldt til i nærleiken i fleire dagar, heilt til rådyret var oppete.

Dromnes syntest det var spesielt å komme så nær gaupa, men synest samstundes at det er irriterande at det var gaupa som tok rådyrbukken og ikkje han.

– Eg skal på jakt til hausten og gledde meg til å ta han, seier Dromnes.