Fekk unike videoopptak med gaupe på hytta

Gaupa er omkring oss stadig vekk, vi berre ser den ikkje. Om ein ikkje har sett opp kamera på tunet då.

Richard Rosvoll har overvakingskamera på hytta si. Han blei svært overraska då han såg at ei gaupe kom ruslande inn på hyttetunet på høglys dag.

Det er ein stille søndag midt i oktober på Vågbø i Tingvoll. Etter ei kjølig natt har regnet gitt seg. Det er knapt ein lyd å høyre. Brått skjer det noko som får overvakingskameraet på hytta til Richard Rosvoll til å reagere.

Eit gulaktig, lodent vesen kjem majestetisk spankulerande ned den korte grusvegen til hytta.

Richard Rosvoll

Richard Rosvoll er sjølv ein aktiv jeger.

Foto: Privat

– Først trudde eg at det var ein katt. Men katten blei større og større etter kvart som han kom nærare. Så det var ikkje tvil om at dette var ei stor, vaksen gaupe, seier Richard Rosvoll.

Tok seg ein kvil på bålpanna

Ingenting ser ut til å ha uroa gaupa denne dagen. Ho er roleg og gjev seg god tid, sjølv om ho er inne på eit område som ber tydeleg preg av menneskeleg aktivitet. Kattedyret stoppar opp og ser ut over den vakre fjorden, før ho går mot bålpanna og set seg ned att, berre for å bruke sansane sine til å ta inn over seg det nordmørsnaturen har å by på denne søndagen.

– Det var litt spesielt. Ho kom så nær. Og ho hadde veldig god tid. Ved bålpanna såg det nesten ut som om ho venta på å få pølse på grillen, humrar hytteeigaren.

Les også:

Gjekk i same tråkk som rådyra

– Det er mykje rådyr i området. Så ho har nok god tilgang på mat. Og ho kom gåande i akkurat same løypa som rådyra brukar. Ho var sikkert på jakt etter ein matbit, trur Rosvoll.

Dette var første gangen han fekk opptak med gaupa på dagtid. Men han har fleire opptak som viser at gaupa har besøkt eigedomen hans om natta.

Gaupa er her heile tida – usynleg

John Durrus Linnell er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking, NINA. Han ville gjerne sjå videoen sjølv. Det har nemleg hendt at journalistar har laga saker om gauper fanga på film, som har vist seg å vere vanlege huskattar.

Seniorforsker John Linnell ved Norsk institutt for naturforskning (NINA)

John Durrus Linnell er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking.

Foto: Petra Kaczensky

– Fantastisk! Eit veldig unikt opptak, settingen med ei gaupe som kjem tuslande langs vegen og set seg på grillplassen og tittar utover fjorden, nei det er heilt fantastisk!

Er det uvanleg?

– Det er ikkje uvanleg at gaupe bruker mykje tid i nærleiken av hus og folk. Det uvanlege er å få fanga det på film.

Linnell fortel at gaupa er rundt oss over store deler av landet. Ho trivst i stort sett same landskap som menneske, i kulturlandskap og i overgangen mellom innmark og utmark. Gaupa går gjerne langs vegen. Alltid kontrollert, og gjer sjeldan feil som gjer at ho blir oppdaga, seier Linell.

Ikkje fare for menneske, men...

Linnell fortel at gaupa blir rekna som heilt ufarleg for menneske, sjølv når den er observert så nær som på videoen. Hundar blir også svært sjeldan tatt av gauper.

– Det er derimot ikkje uvanleg at huskattar blir tatt av gauper, seier Lindell.

Nytt skilt på tunet til Richard

Om det blei jakt og om eit rådyr eller noko anna blei til mat for gaupa veit han ikkje. Men ein ting veit han: Han treng mest sannsynleg ikkje vakthund på hytta:

– Kanskje eg berre kan setje opp eit skilt med «pass deg for gaupa», skrattar Richard Rosvoll.

Les også: