NRK Meny

Gaupe felt i Surnadal

Ei hogaupe blei i ettermiddag felt av eit jaktlag i Snekkvika i Surnadal, melder avisa Driva på nett. Sporinga av gaupe starta i går kveld, og jaktlaga gjekk i spora til gaupa i heile natt. Gaupa blei felt i eit krevjande terreng. Kvoten for gaupejakta i dette distriktet, to gauper eller ei voksen hogaupe, er med dette nådd, skriv avisa.