Hopp til innhold

Gassavtale reduserer forureininga

Overgangen til gassdrift på ei einaste ferjestrekning reduserer forureininga like mykje som om all biltrafikk i Molde og Kristiansund blei stoppa.

Video nsps_upload_2009_3_19_19_58_17_1177.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Slik vil gassferjene sjå ut.

Slik ser dei nye gassferjene ut. Dei skal leverast i 2010 og 2011.

Fjord1 og Gasnor har i dag inngått avtale om gassleveransar til 6 ferjer i Romsdal og Trøndelag.

Kraftig NOx-reduksjon

Frode Ohr

Viseadministrerande direktør i Fjord1 MRF, Frode Ohr.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Overgangen til gassdrift reduserer NOx-utsleppa med 90%. - Berre på sambandet Molde-Vestnes vil ein slik reduksjon tilsvare det same som å ta alle registrerte personbilar i Molde og Kristiansund ut av trafikken, seier viseadministrerande direktør i Fjord1 MRF, Frode Ohr.

Stor gassavtale

Naturgassavtalen har ein samla verdi på rundt 700 millionar kroner. Ferjene som skal bruke gassen blir sett i drift i 2010 og 2011. Gasnor leverer i dag flytande naturgass til åtte fartøy, og har inngått kontrakt på leveransar til ytterlegare 12 fartøy. - Etter som kystflåten står for 40% av NOx-utsleppa i Noreg, blir det viktig med slike tiltak frå næringslivet og styresmaktene om Noreg skal oppfylle internasjonale forpliktelsar, seier administrerande direktør Eilef Stange i Gasnor.

Fiskerstrand byggjer gassferje

- Regjeringa skuslar bort viktig klimatiltak

Sikre gass-ferjer

Gassferje set fart på Vestlandet

Gassferjer

Fjord1 MRF fekk bygd den første gassdrivne ferja i verda i år 2000. I 2007 sette Fjord1 MRF i drift 5 nye gassferjer. No skal det altså byggast 6 nye gassferjer som skal setjast inn på Moldefjorden og Trondheimsfjorden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no