NRK Meny
Normal

Gassavbrot kan bli eit omdømmeproblem

Hyppige brot i straumforsyninga har ført til fleire stopp i gassleveransane frå Aukra til England. – Problematisk, meiner toppsjefar i gassnæringa.

Hyppige brot i straumforsyninga har ført til mange stopp i gassleveransane til England frå Aukra.

Sjå tv-saka: Fleire toppsjefar i gassnæringa fryktar for konsekvensane av uventa avbrot i gassleveringa frå Ormen Lange-anlegget i Aukra. Foto/redigering:Roar Strøm.

Fleire toppsjefar i gassnæringa ser svært alvorleg på at Statnett ikkje klarer å levere meir stabil straum til Ormen Lange-anlegget i Aukra.

Tor Arnesen, administrerande direktør i Shell.

Tor Arnesen, administrerande direktør i Shell ser alvorleg på situasjonen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Straumbrota har dei siste åra skapt fleire uventa brot i gassleveringa ut i Europa.

I dag møttest dei til den årlege Jazzgass-konferansen i Molde.

– Kundane våre i England er svært opptatt av om vi kan forsyne den britiske marknaden med gass på ein stabil og god måte, seier Tor Arnesen, administrerande direktør i Shell.

– Dessverre har vi hatt mange uventa stopp i produksjonen som følgje av manglande straum til Nyhamna, held han fram.

Svært alvorleg

Shell-direktøren har fått gjentatte telefonar frå den engelske ambassadøren som etterlyser gassen, som kontinuering skal gå via gassrøyret frå Aukra til Easington i England.

Arnesen meiner at den uventa produksjonsstansen er problematisk.

– Det er klart at kundane ønskjer å vite kor lenge gasse blir vekke og når den kjem tilbake, seier han.

Går utover truverda

No byggjast Nyhamna ut til å bli gassknutepunkt der fleire nye gassfelt skal koplast til om eit par år. Dette vil krevje enda større leveranse av straum inn til anlegget på Romsdalskysten.

stortingsrepresentant Helge Orten

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) meiner gassavbrota kan føre til eit omdømmeproblem.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Både England og kontinentet er avhengige av gassleveransar frå oss. Kvar dag, kvart time og kvart minutt. Det skal vi ikkje undervurdere, seier Dag Otto Lone, administrerande direktør i Gassco.

At Noreg slit med leveringa kan gå utover den norske truverdigheita, meiner stortingsrepresentant Helge Orten (H).

– Slike driftsavbrot kan føre til eit omdømmeproblem. Det er klart at i ein situasjon der vi gjerne ønskjer å levere meir gass til Europa, så er dette negativt, seier Orten.

– Det er viktig å få gjort noko med situasjonen så snart som råd, held han fram.