Rune kokar kaffi på gassen i isen

Du har sikkert sett gassboblene i isen på vatnet. Rune Pettersen frå Volda ville finne ut kva slags gass dette er. No brukar han gassen til å koke kaffi.

Og ikkje berre det: Videoen frå kaffikokinga på isen i Volda er sett over 10 millionar gonger på sosiale medium. Han la ut videoen i desember 2014. Og i vinter har interessa for videoen blussa opp att.

– Det er no litt rart. Og rundt juletider auka det voldsomt, seier Rune Pettersen til NRK.

Rune Pettersen lasta opphavleg videoen opp på sin eigen YouTube-konto. Her har filmsnutten i overkant av 500.000 visingar.

– Men eg oppdaga plutseleg at ein nettstad i USA hadde lasta ned og publisert videoen. Og denne hadde over 10 millionar visingar. Men denne nettstaden har no fjerna videoen.

Rotnande biologisk materiale

På Rotevatnet i Volda ligg gasslommene tett i tett i isen. Stort sett er det metangass i lommene. Men det kan også vere ein del hydrogengass. Gassen kjem frå rotnande biologisk materiale på botnen av vatnet.

– Eg var litt redd for at det kunne vere mykje oksygen i lommene. Då kunne antenninga ha arta seg som ein eksplosjon.

Kraftig trykk

Når Rune Pettersen tenner på gassen, står flammane i enkelte tilfelle høgt opp i lufta. For gassen ligg under kraftig trykk.

– Isen er tung. Og trykket blir kraftig.

Kan det vere farleg for barn å leike seg med dette?

– Ja, det er klart. Sjølv fekk eg svidd av hår ein gong eg heldt på med dette. No er det vel slik at barn har leika seg med dette i alle år. Men eg har tenkt på at eg burde ha brukt vernebriller då eg gjorde desse opptaka, humrar Pettersen.

Men som du ser i videoen er det fullt mogleg å få til ein jamn, stabil flamme på isen. Og er du ekstra heldig, kan du til og med koke kaffi og varme kakao på flammane.

Mange kommentarar

På YouTube-kontoen sin får Rune Pettersen svært mange kommentarar frå heile verda. Nokre har døypt om Rotevatnet til Fisevatnet (Fart lake). Nokre kallar det heile «creepy», og andre ser for seg at dei vil koke nudlane sine med gass frå vatnet. Andre igjen blir inspirerte til å bli forskarar når dei blir vaksne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Lyskunst skal sette Geiranger på kartet

Lyskunst skal sette Geiranger på kartet