Etter styrtregnet måndag kom stein- og jordskredet sigande nedover fjellsidene på Snøva på Gjørva i Sunndal. Det massive skredet drog med seg vegetasjonen og raserte gardsområdet til Erling Snøva.
– Det er eit katastrofeområde her. Det ser ikkje ut, og det blir ein stor jobb å rydde opp. Dette området kan aldri bli det same, seier bonden som er vand med at det rasar rundt han.
Ikkje lenger beskytta
I fjellsida bak garden til familien er det bygd fem meter høge vollar som skal stoppe skred frå å nå bygningane. Etter raset måndag er det fylt opp med massar bak vollane.
– No er det ingenting som held eit ras igjen. Det er fri veg mot bygningane og innmark, både hos meg og naboen, seier Snøva som er bekymra for vêret.
Ida Ranheim Sæther, Sivert og Erling Snøva bur på garden. Dordi (4) leika inne då bildet blei tatt.
Foto: PrivatMykje regn
På måndag kom det ifølgje han 30 millimeter regn i løpet av ein time. I morgontimane torsdag styrta regnet ned i ein halvtimes tid.
– Men det var ingenting mot regnet på måndag. Kjem det slikt styrtregn, er det kjempepotensial for ras. Eg høyrer at det slepper stein i fjellsidene like bak huset.
Klar til å evakuere
Det er opp til dei som bur der å avgjere om dei vil evakuere eller ikkje. Torsdag jobbar dei på garden slik dei pleier.
Enorme krefter har vore i sving.
Foto: PrivatIda Ranheim Sæther har pakka bilen slik dei er klare om det skulle komme eit nytt skred.
– Det er ikkje slik at det skjer på eitt minutt. Vanlegvis startar skred på 1000 meter høgde eller høgare, og det bruker god tid før det kjem ned til gardane. Det er ikkje noko problem å høyre det, seier Erling Snøva.
Kyrne er ute på beite.
– Om det kjem eit nytt skred, får dei berre stikke av.
Vegen er stengd
Sidan riksveg 70 mellom Oppdal og Sunndalsøra igjen er stengd på grunn av fare for jordskred, må dei køyre oppover i bygda om det skulle skje noko.
Problem med store skredmassar i vegen gjer at riksveg 70 ved Fale i Sunndal må halde stengt ut fredag. Nokre stikkrenner som skal ta unna vatn, er framleis tett av skredmassar.
– Vegen må no haldast stengt fram til skadane er utbetra og det vil bli teke ny vurdering om opning på laurdag, seier fungerande seksjonsleiar Jan Georg Fossheim i Statens vegvesen.
Vegen mellom Grøa og Gjøra er stengt etter ras.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Rasa her sidan tidenes morgon
Erling Snøva har ikkje problem med å bu i rasfarleg terreng.
– Det har rasa her sidan tidenes morgon, og det vil skje til fjella har falle ned. Det går «kjøle bra» å bu her. Kona er meir skeptisk enn meg sidan ho ikkje er oppvaksen her, men ho byrjar å bli vand med det ho òg, seier Snøva.
Måndag gjekk det skred på tre-fire plassar mellom Gjøra og Grøa, nær fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Trøndelag.