Hopp til innhold

Går vidare med Fjord1-sal

Fylkestinget vedtok i formiddag å gå vidare i prosessen med å selje aksjane i ferjeselskapet Fjord1.

Diskuterer ferjesal.

Svein A. Roseth (Krf t.v.), Gunn Berit Gjerde (V) og Jon Aasen (Ap) var blant mindretalet som stemte mot ferjesal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vedtaket blei gjort i eit lukka møte, med 25 mot 21 røyster. Det er ikkje tatt stilling til sal.

Ville stanse prosessen

Arbeidarpartiet og Jon Aasen ville stanse prosessen, og i fellesskap med Sogn og Fjordane fylkeskommune avklare spørsmålet om sal.

Jon Aasen

Jon Aasen og Arbeidarpartiet vil behalde ferjeaksjane i Fjord1.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi meiner det var rett å stoppe prosessen no. Det er ingen realisme i å halde fram. Ikkje minst med tanke på det gode samarbeidet vi etterkvart har fått med Sogn og Fjordane, seier Jon Aasen til NRK.

Hovudårsaka til at Arbeidarpartiet ikkje vil selje ferjeaksjane i Fjord1, er at dei ikkje har tru på å få ein god pris.

No skal eg ikkje snakke ned verdien på selskapet. Men eg har ikkje tru på at vi får god nok pris ved å selje 41 prosent av aksjane.

Frp vil selje

Frank Sve(FrP)

Frank Sve og Frp går for sal av Fjord1-aksjane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Framstegspartiet derimot har stor tru på at det vil bli eit sal som gir god avkastning for fylkeskommunen.

– Vi er heilt klare på at vi vil selje vår part i Fjord1. Vi trur vi får ein god pris. Vi har fått eit fleirtal i fylkestinget som meiner det same, og det er vi glade for, seier Frank Sve i Frp.

Les også: