NRK Meny
Normal

Går nye vegar for å freiste turistane

Reiselivsnæringa vil ha fleire tyske turistar til Norge. No skal nye grupper med sans for rein natur og spektakulær arkitektur bli freista til å kome hit.

Sjå tv-saka: Store opplevingar i fantastiske fjordar skal lokke nye tyske turistar til Norge. Men kravet er meir enn flott natur. Foto/redigering: Berge Myrene.

Det er fjordane som trekker. Tusenvis av reisende, blant anna frå Tyskland, kjem hit kvart år for å nyte utsikta av høge fjell og vakre fjordar. Men når nye grupper skal lokkast til Norge, må det også vere noko meir som freistar turistane.

– For dei er det snakk om ein draumeferie. Det er noko spesielt som dei ikkje har råd til kvart år, kanskje har dei berre råd ein gong i livet, seier Thies Reinberg direktør i TUI, Wolters Reisen.

Ny type turistar

 Kristian Jørgensen

Kristian Jørgensen fortel at det har skjedd eit skifte i dei tyske turistane som kjem til Noreg.

Foto: Berge Myrene / NRK

No skal representantar for fleire av dei største tyske reiseoperatørane få tre dagar med smakebitar av det beste fjordnoreg kan by på.

For reiselivsnæringa i Noreg har plass til langt fleire enn dei som i dag kjem med båt eller bubil.

– Vi ser at det er eit stort skifte i dei tyske turistane som kjem hit til Noreg. Vi ser ein nedgang i campingturistane og vi treng meir vekst i forhold til hotellmarknaden. Det er ein annan type tyske turistar som i utgangspunktet krev noko anna enn berre vakre fjordar, seier Kristian Jørgensen administrerande direktør i Fjord Norge.

Må satse på nye område

Innovasjon Noreg har saman med fleire organisasjonar etablert eit nytt nettverk retta mot dei meir miljøbevisste og pengesterke turistane som er på jakt etter trygge stadar å feriere.

Thies Reinberg

Ifølgje Thies Reinberg ønskjer dei tyske turistane seg noko nytt når dei besøker Noreg.

Foto: Berge Myrene / NRK

– Vi må basere oss meir på aktivitetar og plante berekraftomgrepet sterkare i marknaden. Vi har flotte produkt å tilby her i Noreg, men samtidig må vi sjå på kva kundar det er som kjem for å sikre oss at dei legg igjen midlar som vi kan bruke til verdiskaping her i Noreg, seier Manuel Kliese, marknadssjef Tyskland i Innovasjon Noreg.

Norge har tidlegare vore kjent som eit dyrt ferieland, men det betyr lite for dei nye gruppene som skal freistast.

– Du reiser ikkje til Noreg om du ønskjer deg ein billig ferie. Du kjem ikkje hit for å gjere eitt kupp, då reiser du heller til Mallorca eller noko liknande, ikkje til Noreg, seier Thies Reinsberg.