NRK Meny

Går mot nytt rekordår

Det går mot eit nytt rekordår for sal av norsk sjømat. I november blei det seld fisk og fiskeprodukt til utlandet for 7,4 milliardar kroner. Det er vel 800 millionar kroner meir enn for same månad i fjor. Etterspørsel etter norsk fisk er spesielt høg i EU-landa, og laksen skal ha mykje av æra for oppgangen, i følge Norsk Sjømatråd. Til no i år er det eksportert sjømat for 67,3 millardar kroner.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.