Hopp til innhold

Går mot dårlege grasavlingar denne sommaren

Tidlegslåtten er alt i gang nokre stader i fylket, men allereie no blir det registrert mindre grasavlingar enn i fjor.

Slått

Rådgjevingstenesta i landbruket oppmodar bøndene til å ta forholdsreglar dersom andre- og sisteslåtten også blir dårleg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rådgjevingstenesta i landbruket meiner det går mot dårlege grasavlingar denne sesongen.

– Slåtten er så vidt i gang dei første stadane i fylket, men det er jamt over lite gras, seier rådgjevar Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest.

Lied rår no bøndene til å kjøpe rundballar som er til overs hos andre etter vinteren.

– Slik som situasjonen er no ligg det ikkje an til spesielt store avlingar på førsteslåtten. Difor kan det vere lurt å kjøpe noko av det overvintra fôret slik at ein har nok til hausten dersom også andreslåtten blir middels eller moderat, seier han.

Fleire årsaker

Etter to år med svært gode grasavlingane kan det no sjå ut som det blir eit magrare år for dei mange bøndene i fylket. Årsakene til dette er fleire, meiner Lied.

Jon Geirmund Lied er landbruksrådgjevar i Landbruk Nordvest

Jon Geirmund Lied seier det er fleire årsaker til at førsteslåtten er dårlegare i år.

Foto: Landbruk Nordvest

– Raigras, ein grassort som er mykje brukt, har ikkje klart vinteren, seier han.

Periodane med varmt vêr tidlegare i vår gjorde også at mykje gras skaut tidleg, noko som stagnerer veksten.

– I tillegg har vi nok hatt litt for lite nedbør for å få maksimal vekst på graset. Det har rett og slett vore litt for tørt, seier Lied.

Landbrukstenesta oppmodar dermed bøndene om å vere føre var og sikre seg rundballar frå i fjor.

– Det er kjedeleg å kome i ein situasjon der du må handle inn fôr dersom det er lite fôr på marknaden. Når vi no veit at det finst rikeleg med fôr frå sist sesong, så kan det vere lurt for å kjøpe inn noko av det. Ein del av det fôret kan ha heilt grei kvalitet, seier Lied.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL