Hopp til innhold

Tenker berre på fotball

Aalesund sin nye assistenttrenar Anton Joore vil berge klubben frå nedrykk.

Anton Joore

Anton Joore er på plass i Ålesund og klar for å hjelpe Trond Fredriksen med å berge AaFK frå nedrykk.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Anton Joore (61) har lang erfaring som fotballtrenar, frå blant anna Qatar og Kasakhstan. No vil han berge AaFK frå nedrykk.

– Fotballen er min store lidenskap. Når spelet står stille og spelarane kanskje er slitne, håpar eg at eg kan vere den som motiverer dei til å halde fram.

Les også:

Glad i nye utfordringar

Det er heilt flatt i Nederland der Joore kjem ifrå, men no har fotballen teke han med til vestkysten av Noreg, til Sunnmøre her det er langt frå flatt.

– Eg la merke til fjella og snøen når vi flaug over Ålesund i går kveld, og eg tenkte: "Kva er dette?", seier han og ler.

– Kva var det som gjorde at du kom hit?

– Det er ei ny utfordring om å gjere ein god jobb, og det seier eg ikkje nei takk til. Det blir spennande å sjå om spelarane vil ta til seg råda eg vil gje dei.

Anton Joore

AaFK-trenar, Trond Fredriksen og Anton Joore på trening i Ålesund.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Vil ikkje ta plassen til Trond

AaFK slit tungt i eliteserien og i sommar vart assistenttrenar Karl Oskar Fjørtoft fjerna frå stillinga. No skal Joore samarbeide med Trond Fredriksen ut 2016-sesongen.

Trur du at du kan hjelpe dei?

– Det er det som er målet. All erfaringa mi frå fotballen, både frå treningar og kampar, skal eg dele med laget. Dersom det oppstår problem, skal vi diskutere og forhåpentlegvis finne løysingar, seier han.

Joore seier han ikkje vil forsøke å ta plassen til Trond Fredriksen.

– Trond er hovudtrenaren, og eg er her for å hjelpe han. Eg vil nok gje han råd, men det er opptil han kva han vil gjere.

Ikkje tid til anna enn fotball

Joore har allereie sett fleire AaFK-kampar.

– Dei har mykje energi og god kontroll på ballen, seier han.

Han meiner likevel at dei må verte flinkare å score mål.

– Dersom ein er nære målet, er det berre ein ting som kan skje, ein må score mål. Det er namnet deira som skal stå i avisa, ikkje motspelarane sine, seier han spøkjande.

At han no skal opphalde seg mykje i Ålesund, tenkjer han ikkje på. For Joore er livet 100 % fotball.

– Det er så mykje arbeid i fotballen. Ein går alltid rundt og tenker på motlaget, korleis neste kamp blir og korleis ein skal legge opp neste trening. Ein har ikkje tid til å tenke på noko anna enn fotball.