NRK Meny
Normal

Går gjerne fremst i pride-parade i full Frelsesarmé-uniform

I fjor blei han rikskjendis på grunn av latinamerikanske dansetrinn ved julegryta. No tek Magne Berg jr. eit oppgjer mot leiarar i kristne organisasjonar som spreier fordomar mot homofili.

Magne Berg jr.

Magne Berg jr. tykkjer det er fortvilande at kristenleiarar skal gå ut på denne måten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var pastor Hans Reite sit flammande innlegg mot planane om pride-parade i Volda til våren som fekk frelsessoldaten til å reagere. Reite varslar straffedom og forbanning over bygdene og minner om skjebnen til Sodoma og Gomorra om planane om pride-parade i Volda blir gjennomført.

– Eg blir tatt av provokasjon, frustrasjon og irritasjon og tykkjer det er fortvilande at kristenleiarar skal gå ut på denne måten, seier Magne Berg junior.

Det var i eit lesarinnlegg i lokalavisa Møre i Volda at pastor Hans Reite åtvara mot planane om ein pride-parade i Volda. Han fryktar at initiativtakarane skal rekruttere ungdom i Volda til å bli homofile. Utspelet fekk blant andre landbruksminister Jon Georg Dale til å reagere med krav om at pastoren må slutte å døme folk som lever livet sitt på ein annan måte enn han sjølv.

– For meg handlar ikkje dette først og fremst om synet på homofili. Det viktige er å lære seg å leve med usemje. Hans Reite, og mange med han, har tydelegvis ikkje lært dette, seier Berg til NRK.

Pastor Hans Reite åtvarar mot pride-parade i Volda og seier det kan bli kasta forbanning over bygda. Landbruksminister Jon Georg Dale tek til motmæle og bed om toleranse.

I Dagsnytt 18 onsdag diskuterte pastor Hans Reite og landbruksminister Jon Georg Dale homofilisaka i Volda.

– Fødd med legninga

Berg meiner å finne grunnlag i bibelen for å kunne vise nestekjærleik, solidaritet og storsinn.

– Legninga er noko ein er fødd med, det er ein del av identiteten og sin eigen skapelse og sin eigen eksistens. Då går det ikkje an for nokon å seie at ein ikkje er skapt slik eller sånn, seier Frelsesarmé-soldaten til NRK.

Pastor Hans Reite meiner Berg må stå for det han står for sjølv og at han bør respektere Reite sitt syn på saka.

– Homofili er mot skaparverket og mot Guds vilje. Vi vil beskytte våre etterkomarar, og eg trur ein parade vil vere spesielt uheldig for dei unge. Eg tykkjer det er rart at Berg går til åtak på andre kristne, seier Reite.

– Personlegdom

Magne Berg jr. avviser at folk blir homofile på grunn av ein trend eller reklameframstøyt. Han viser også til svært nær familie og tek skarpt til motmæle mot Reite si utsegn om at homofile og lesbiske helst bør halde legningane sine skjult.

– Ein kan ikkje krevje at dei skal leve i skjul. Dette handlar om personlegdom og identitet og det ein har med seg frå fødselen.

Mange reaksjonar på lesarinnlegget

Pastor Hans Reite svarer at det ikkje er si meining han kjem med, men at han held fram det bibelen seier.

Pastor Hans Reite

Hans Reite er pastor i kyrkjelyden Nytt Livs Senter i Ørsta.

Foto: Andreas Veggeland / NRK

– Det er bibelen som skal vere rettesnor for liv og lære. Skal du lage ei kake må du følgje oppskrifta. I bibelen står det at Gud skapte dei som mann og kvinne og dei skulle bli fruktbare og fylle opp jorda. Det er ikkje like lett for to menn eller to kvinner.

– Fremst i paraden

Med utgangspunkt i solidaritet og nestekjærleik ser Berg slett ikkje bort frå at han kan delta i pride-parade i full uniform frå Frelsesarméen.

– Eg må vedgå at eg har vore skeptisk til desse paradane fordi det har vore stort fokus på nakenheit. Mange homofile undrar seg også over dette. Men når det gjeld saka om solidaritet, likeverd og likestilling kunne eg ha gått fremst i full uniform, ja, seier Berg.

Berg meiner at pride-paradane inneheld «mykje anna rart» og at han difor så langt ikkje har gjort det.