Sjølv om arbeidet med å bygge Slinningsbålet i Ålesund tok til allereie i mai, må bålbyggarane no bruke stort sett all si fritid for å få bålet klart til jonsok.
– Vi er ikkje heilt klare endå, men det blir, lovar ein av dei tre bålsjefane, Simon Eiken (19).
– Alltid mål om å slå rekorden
Han har vore med på å bygge opp det populære jonsokbålet sidan han var 16 år. Kvart år er målet å få bålet høgare enn det var året før.
I 2014 vart Slinningsbålet 35 meter høgt. I år er over 20 personar i sving for å slå rekorden, fortel bålsjefen.
– Vi har alltid eit mål om å slå fjorårets rekord. Kanskje vi til og med kan slå verdsrekorden på 40,45 meter ein gong?
Verdsrekorden vart satt då Slinningsbålet vart bygd i 2010.
Bygg med berre hendene
Med rein handkraft løftar både jenter og gutar i alle aldrar palle på palle, slik at jonsokbålet på Slinningsodden skal strekkje seg høgast mogleg opp i lufta. Hjelpemiddel som lift er ikkje tillate.
Men skal dei klare å slå bålrekorden og kanskje til og med også verdsrekorden, treng ungdommane meir hjelp. Dårleg vêr og lite folk gjer at tida er knapp, difor har gjengen som bygg Slinningsbålet etterlyst meir hjelp på Facebook, slik at dei blir ferdige.
– Det er berre å komme, oppmodar Simon Eiken.
Slinningsbålet blir tent laurdag 20.juni klokka 22.00.