NRK Meny
Normal

Den pensjonerte lensmannen får framleis tips om Espås-drapet

I dag vedtok Stortinget ei ny lov som gjer at 32 drap her i landet aldri vert forelda. Lensmannen som hadde ansvaret for den snart 18 år gamle Trude Espås-saka i Geiranger får framleis inn nye tips.

Jens-Arne Hessegjerde

Trude Espås blei sist sett ved denne steinen i Geiranger 8. august i 1996.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Trude Espås

Trude Espås var 20 år gammal og kom frå Orkanger. Ho hadde sommarjobb på Union Hotell i Geiranger og hadde vore der i ei knapp veke då ho plutseleg forsvann.

Foto: Privat / Scanpix

I dag vart det klart at saka om drapet på Trude Espås i Geiranger aldri vert forelda. Den nye lova, som trer i kraft 1. juli, gjeld drapssaker, alvorlege seksualbrotsverk og kjønnslemlestingar. Den no pensjonerte lensmannen Jens-Arne Hessegjerde er glad for at jakta på gjerningspersonen kan halde fram.

– Eg har fått fleire tips frå folk sjølv om eg er pensjonert. Det siste tipset fekk eg vel i mai, og det er blant mange eg har fått i år, seier Hessegjerde som jakta på drapsmannen i 18 år.

Ein av Noregs mest omfattande etterforskingar

Trude Espås blei sist sett ved ein diger stein i Geiranger 8. august i 1996. Elleve dagar seinare vart ho funne drepen berre 100 meter frå der ho vart sett sist. Dette er ein av Noregs største og mest omfattande etterforskingar, men drapsmannen går framleis fri. Opphevinga av foreldingsfristen gir politiet nye sjansar til oppklaring. Jakta på gjerningsmannen kan gå føre seg til evig tid.

– Eg har fått tips om personar og hendingar som kan vere med på å løyse saka, seier den pensjonerte lensmannen.

Drapet på Trude Espås er eit av 32 uoppklarte drap i Noreg dei siste 25 åra.

I dag vedtok Stortinget ei ny lov som gjer at 32 drap her i landet etter 1989 aldri vert forelda. Blant sakene som aldri vert forelda er drapet på Trude Espås i Geiranger i 1996.

Frå 1. juli kan drapssaker, alvorlege seksualbrotsverk og kjønnslemlestingar aldri foreldast.