NRK Meny
Normal

Gallerist merkar nedgangstidene

På Flø har Hugo Opdal hatt stor suksess i snart 10 år med galleri. Han har hatt mange store namn i galleriet på sunnmørskysten. No merkar også han nedgangstidene. Det er langt færre som kjøper store, dyre kunstverk enn før.

Gallerist Hugo Opdal på Flø merkar ein klar nedgang i salet på store og dyre kunstverk. Nedgangstidene må truleg ta sin del av skulda i tillegg til ein metta marknad. Men etter ni år med kunstgalleri på Flø er framleis besøkstala høge.

Hugo Opdal stiller blant anna ut Pushwagner for tida på Flø

Akkurat no i desember har Opdal ei salsutstilling med Pushwagner og Melgaard. Fargerike bilde heng på veggene både i første og andre etasje. Mange av kunstverka er frå rundt 5000 kroner og oppover. Desse er det framleis ein god del som kjøper, ifølgje Opdal.

Når det kjem til større og dyrare kunst er det ein tydeleg nedgang. Opdal trur dette kjem av to grunnar. Den eine årska er dei generelle nedgangstidene i kjølvatnet av oljekrisa. Den andre grunnen er at han arbeider i ein ganske avgrensa georgrafisk marknad, og denne marknaden er i ferd med å verte metta.

–Det er grenser for kor mange store måleri folk kan ha hengande på veggene sine, seier Opdal til NRK.

Hugo Opdal

Hugo Opdal. Trønder med kunstsuksess på Flø.

Foto: Arne Flatin / NRK

Utvidar

Hugo Opdal har tatt grep slik at han ikkje berre er avhengig av det som skjer på Flø. Galleriet i den vesle bygda er framleis det viktigaste han driv med, men i tillegg har han no prosjekt både i Ålesund og i Oslo.

Trønderen som har budd på Flø i mange år no samarbeider med Rod Bianco-galleriet i hovudstaden. Der vart det opna eit stort galleri i fjor. I tillegg har Opdal saman med folka bak Rod Bianco leigd det smale huset i gågata i Ålesund, der det også skal stillast ut kunst frå Bjarne Melgaard.

Hugo Opdal seier at Flø uansett er hjartebarnet. Og han er fornøgd med situasjonen for galleriet der, trass nedgangen.

-Eg er overraska over at det er så pass til trøkk framleis etter så mange år, så det er eg veldig fornøgd med.

Nedgangen har han merka dei to siste åra med reduksjon i talet på store verk. Sjølv om han arbeider i ein avgrensa marknad på Flø, sel han også kunst både nasjonalt og internasjonalt.

Han legg likevel ikkje skjul på at det er tøft at det er ein nedgang i inntektene.

–Det er klart eg er heilt avhengig av sal. Det er to ting der. For det første er det eit kunstgalleri der veldig mange berre er innom for å sjå, og så har du då salsbiten.Så for å halde tilbodet ved like er eg avhengig av å selje.

Galleri på Flø, Hugo Opdal

Utsikta frå galleriet på Flø ut mot havet er noko dei besøkande set pris på.

Foto: Arne Flatin / NRK