Hopp til innhold

Fysioterapeut varsla at han hadde forhold til pasient

Fylkeslegen har starta tilsynssak etter at ein fysioterapeut frå Sunnmøre innleia eit forhold til ein pasient. Mannen melde sjølv frå om forholdet.

Ein fysioterapeut har meldt frå til Fylkeslegen om at han har brote yrkesetiske reglar og teieplikta. Fysioterapeuten innleia eit forhold til ein kvinneleg pasient. Forholdet tok slutt seinare.

– Det er ikkje ofte at helsepersonell sjølv varslar oss i slike saker, men vi har sett det før, seier sakshandsamar Marit Vestad hos Fylkeslegen.

Vestad seier at dei ser positivt på at slike saker kjem fram i lyset og at dei skal vurdere om det har skjedd eit lovbrot eller ikkje. Fylkeslegen skal også vurdere om saka skal sendast vidare til Statens helsetilsyn for administrativ reaksjon.

– Kva reaksjon kan fysioterapeuten få?

– Der er for tidleg å seie. No må vi få fakta på bordet, seier Vestad. Ho seier at eksempel på reaksjon kan vere åtvaring eller tap av autorisasjon. Det er Statens helsetilsyn som avgjer dette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL