Forslaget om å gje av salsoverskotet kjem frå Svea Fyrverkeri sin agent i Ålesund, Roy Petter Normann. Han kom med forslaget i NRK Møre og Romsdal si formiddagssending i dag. Like etter sendinga samla bransjen seg til telefonmøte, og blei samde om eit felles opplegg.
Produsert i flaumområda
Fyrverkeriet som blir skote opp nyttårsaftan er i stor grad produsert i land som er råka av flaumbølgja. - Vi er i desse landa når vi er på innkjøpsrunder. Alle i Svea Fyrverkeri har hatt samlingar på Patong Beach i Phuket, så vi kjenner denne byen godt, seier Roy Petter Normann i Svea Fyrverkeri i Ålesund.
Ålesundsinitiativ
I samband med fleire innsamlingsaksjonar er folk oppmoda til gi like mykje pengar i støtte som dei brukar på fyrverkeri. Fleire har gitt uttrykk for det moralske dilemmaet det er å bruke mykje pengar på kortvarige blaff på himmelen samstundes som mange opplever katastrofale lidingar. Når katastrofen no råkar landa der fyrverkeri blir produsert tek altså Svea Fyrverkeeri si Ålesundsavdeling eit initiativ.
Avgjerd i formiddag
- Vi i Svea kjem til å ta ein samtale no i formiddag for å finne ut om vi har høve til å mobilisere litt. Dette er ei sak for alle fyrverkeriimportørar, seier Normann.
Svea sin lokale representant, Roy Petter Normann, seier at dei er i Thailand kvart år for å kjøpe og teste ut nytt fyrverkeri: