Hopp til innhold

Fyrste Halal-ost frå Ørsta

Einaste halalsertfiserte ost i Skandinavia kjem frå Ørsta.

Norbo Halal Kvitost

Norbo-osten er den fyrste i Skandinavia som er halal-godkjent.

Foto: Tine

Norbo-osten er blitt halal-sertifisert, noko som betyr at mellom anna muslimar kan spise den.

Meierisjef Bente Reklev syns det er artig at dei er fyrst ute.

- Det er jo litt spesielt, men vi merkar ikkje så mykje til det i det daglege, fortel ho.

Mikrobiell løype

- Det einaste vi må passe på er at når vi skal produsere denne osten, så må alt utstyret vere reint når vi startar opp. Også må vi hugse på å bruke rett løype, legg ho til, og forsikrar at dei hugsar på desse punkta.

Når ein lagar ost må ein tilsette løype. Til vanleg brukar ein animalsk, altså løype frå til dømes svin og kyr. I halalosten bruker dei mikrobiell løype - altså løype som ikkje er laga av dyr.

- Den mikrobielle løypa, den er då halal-godkjent, noko som gjer at Norbo-osten er godkjent som halal, seier Reklev.

Det betyr at denne osten ikkje har vore i kontakt med noko som helst av svin- eller dyremagar.

Passa med omlegging

Og det er ein omfattande runde osten har vore gjennom før den blei halalsertifisert i samarbeid med Muslimsk råd sin eigen sertifiseringsorgansiasjon. Svin er sett på som ureine dyr av muslimar og adventistar. Norbo-osten må produserast, fraktast og pakkast heilt adskilt frå andre ostetypar.

Meierisjefen seier dei kom på å prosusere denne osten fordi dei skulle legge om produksjonen.

- Det var berre eit høve som baud seg. Vi skulle flytte ein produksjon, og då passa det bra å legge om produksjonen litt. Det kosta veldig lite, og det passa bra å gjere dette no, seier ho, og håper osten også blir etterspurd i butikkane lokalt.