– Ein har plikt til å stoppe og hjelpe, seier kommunikasjonssjef Kristin Øyen i Trygg Trafikk.
Plikta gjeld både om det er eventuelle personskadar og om det er dyr som er påkøyrde. I tillegg gjeld den både for dei som er involverte i ulukka og for dei fyrste som kjem til staden.
- Heile §12 i Vegtrafikklova kan du lese nedst i artikkelen.
– Trur folk er flinke
Natt til tredje juledag la det seg snø i Trøndelag og på delar av Vestlandet. Seinare i romjula er
. Vêret fører med seg dårlege køyreforhold, og gir også store sjansar for ulukker.– Eg trur folk stort sett er flinke til dette. Det er noko grunnleggjande i at ein både vil, og føler plikt til å hjelpe om det er skjedd ei ulukke, seier Øyen.
Gjennom føraropplæringa skal alle ha fått ei innføring i fyrstehjelp og også i reglane som gjeld for deg som trafikant når du kjem til ein ulukkesstad. Difor trur Øyen at folk er klar over dette.
– Ein høyrer diverre om ulukker der folk er involverte eller har skulda i ei ulukke, men vel å stikke av på grunn av sjokk eller andre ting, fortel ho. Men dette er heldigvis unntaka frå regelen.
Finn ut om folk treng hjelp
Med vinterføre på vegane er det viktig å vere merksam på dei som har vore uheldige.
– Viss ein er fyrst eller blant dei fyrste som kjem til staden skal ein stoppe og sjå om det er behov for hjelp. Om det berre er materielle skadar og føraren sjølv kan skaffe hjelp, eller om det også er personskadar og folk som treng hjelp, seier Øyen.
Likevel er det ikkje nødvendig å stoppe om det allereie er folk på staden, forklarer ho.
– Ein bør forsikre seg om at det er folk som hjelper til, og finne ut om det er behov for å stoppe. Er det nok folk på staden er det betre om det ikkje blir for mange. Det må også vere plass til eventuelle ambulansar eller politi også.
Må du ut av bilen er det fleire ting du må passe på.
– Då må ein passe på å sikre staden, sikre sin eigen bil, bruke refleksvest før ein går ut i mørket, og sørgje for at det ikkje skjer fleire ulukker, seier kommunikasjonssjefen.