Hopp til innhold

Fyllekøyrar sovna i politibilen

Då ein mistenkt promillekøyrar blei pågripen av politiet, ønskte han ikkje å forklare seg for politiet. På veg til politistasjonen sovna han i staden i politibilen.

Domstol

Tingretten har bestemt at mannen i 30-åra må klare seg utan førarkort i tre år.

Foto: Illustrasjon

Politiet fekk i fjor haust melding om ein mann som verka rusa, medan han stod ved ein bil på ein parkeringsplass på Moa i Ålesund.

Like etter fekk dei melding om at den same bilen hadde køyrt feil veg i ei rundkøyring, var kome over i feil køyrebane og var på veg gjennom Brusdalen og i retning Skodje.

Meldingane førte til at politiet rykte ut og fekk stoppa den aktuelle bilen i ei busslomme.

Då politibetjenten opna bildøra til den tiltalte, skal det ifølge rettspapira ha lukta sterkt av alkohol. Mannen i 30-åra hadde dessutan problem med å kome seg ut av bilen. Han var ustø og måtte støtte seg til bilen for å kunne gå, og han snøvla og snakka uklart.

Promille på 1,5

Mannen blei tatt med i politibilen til politistasjonen. Han ønskte ikkje å forklare seg, men sovna i politibilen.

Ei utåndingsprøve som blei tatt tre kvarter etter køyreturen viste ein promille på 1,5.

Tingretten legg vekt på forklaringa til politiet, som meinte mannen framstod som svært rusa. Det blir og peikt på at køyringa skjedde over noko tid og på trafikkerte strekningar.

Retten har bestemt at mannen må sone 36 dagar i fengsel, og han må betale ei bot på 30 000 kroner. Han mistar også retten til å køyre bil i tre år. Sidan han ikkje leverte inn førarkortet til politiet gjeld dette frå når domen er rettskraftig.