Hopp til innhold

Skalla ned vakt på arrangement

I Ålesund prøvde ein truande mann og ta seg inn i ei leilegheit, og i Øksendalen blei ei vakt skalla ned av ein mann. Det var berre noko av det politiet i Møre og Romsdal måtte ta seg av den siste laurdagen i oktober.

Politi illustrasjon

Politiet har hatt nok å henge fingrane i natt til søndag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det har vore ei travel natt for politiet fleire stadar i fylket. Seint laurdag kveld fekk politiet i Ålesund melding om ein truande mann som prøvde å kome seg inn i ei leilegheit. Ei usemje om pengar skal ha vore årsaka. Politiet kom til staden og mannen blei vist vekk.

Også i Brattvåg måtte politiet rykke ut etter at ein uønskt mann hadde tatt seg inn i ei leilegheit og nekta og gå. Men mannen hadde forlate staden før politiet kom fram.

På Fjelltun i Ålesund skal ein mann i 30-åra ha knust eit vindauge på ein privat bustad før han sprang frå staden. Politiet veit kven mannen er og han vil bli meldt for forholdet.

Politiet fekk i natt fleire meldingar om fest, slåsting og gjentatte ordensforstyrringar i samband med ein fest i Langevåg. Festen blei avslutta av politiet og ein person måtte få behandling av helse før han blei køyrd heim.

Mistenkt for fyllekøyring

Ei kvinne i 50-åra er mistenkt for fyllekøyring etter å ha blitt stoppa av politiet i Ørsta i natt. Ho blei tatt med for blodprøvetaking og politiet har beslaglagt førarkortet til kvinna. Saka blir meldt.

Ein mann i 30-åra blir meldt for brot på legemiddellova, samt for bering av kniv på offentleg stad etter at politiet stoppa han på Åse i Ålesund i natt.

I tillegg har fleire personar blitt vist heim av politiet i løpet av natta på grunn av fyll og bråk. Politiet har også måtte rykke ut for å dempe feststøy fleire stadar på Sunnmøre i natt.

Vakt blei skalla ned

Også politiet på Nordmøre og i Romsdal har hatt sitt å styre med natt til søndag. I 00.30-tida måtte politiet rykke ut til eit arrangement i Øksendalen etter at ei vakt hadde blitt skalla ned. Politiet har namnet på gjerningsmannen, som hadde forlate staden før politiet kom.

Politiet måtte også ta turen til eit hotell i Surnadal etter at to menn nekta forlate hotellet. Dei to hadde tatt til vet og forlate staden før politiet kom.

Og i Kristiansund måtte ein ung mann i slutten av tenåra måtte overnatte i fyllearresten etter å ha laga bråk på ein restaurant i byen.