NRK Meny
Normal

Fyll, bråk og skadeverk

Heller ikkje denne helga har politiet i Møre og Romsdal vore arbeidsledige. På menyen har det stått bråk, slåsting, fyll og fanteri. Her er politiloggen natt til søndag.

Politi

FYLL OG FANTERI: Det var i hovudsak fyll og slåsting som stod på menyen for politiet denne kvelden.

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Sunnmøre politidistrikt starta kvelden allereie klokka 22.50. Då blei ein mann i slutten av tenåra meld for drikking på offentleg stad i Ulsteinvik sentrum. Men han var ikkje den einaste denne kvelden.

Nokre timar seinare, klokka 01.10 blei ei kvinne i slutten av tenåra meld for å drikke på ein offentleg stad i Ålesund sentrum.

Klokka kvart på tre blei også ein mann i tretti åra meld for å gjere eit anna lovbrot på ein offentleg plass. Han blei meldt for offentleg urinering utanfor ein utestad i Volda sentrum.

Fyll og slåsting

Sunnmøre politidistrikt fekk også hendene fulle med å ta seg av ulike slåstkjemper utover natta.

Klokka 22.55 hamna ein person i krangel med tre andre i ei matkø utanfor eit gatekjøkken. Mennene i førti åra og oppover slo etter kvarandre, men roa seg ned når politiet kom. Det er ikkje snakk om personskade, men dei involverte partane vil melde kvarandre.

Litt seinare, nærare sagt klokka halv eitt, blei ein mann i tjue åra brakt inn til drukkenskapsarrest etter at han byrja å slåst med den nye kjærasten til eksdama på ein utestad i Ålesund. Mannen var svært utagerande også etter at politiet kom til staden. Han blir meldt for forholdet av politipatruljen.

Om lag to timar seinare, klokka 02.25, slo og spytta ein mann i tidleg tjueåra vakter på eit arrangement i Søvika. Det blei ingen personskadar, men vaktene vil melde forholdet over helga. Politiet tok med seg gjerningsmannen frå staden, og han roa seg etter kvart ned.

Dryge tjue minutt seinare, klokka 02.45, slo ein mann i tjue åra etter bilar i Ålesund sentrum. Mannen var også utagerande då politiet kom til staden og nekta å gi opp personalia. Mannen blir meld for forholdet, og fekk også overnatte ei natt i drukkenskapsarresten.

Skadeverk og krangel

Men det var ikkje berre Sunnmøre politidistrikt som måtte ut på oppdrag natt til søndag. Også Nordmøre og Romsdal politidistrikt hadde nok å henge fingrane i.

Litt etter midnatt blei ein mann i Molde meld for oppbevaring av mindre mengder narkotika.

Så fekk ein mann i tjue åra beslaglagt stereoanlegget, då han ikkje følgde pålegg om å dempe lyden. Det kan også tenkast at dette la ein dempar på det festelege laget som fann stad i Eide.

Deretter var det Kristiansund sin tur. Der blei to menn i tjue åra vist vekk frå sentrum etter ein krangel.

Det var også skadeverk denne helga. Nokre timar etter midnatt gjekk ein mann i tretti åra laus på nokre blomster i Molde. Mannen blir meld av politiet for å ha rive opp blomster i Molde sentrum.

Men det var ikkje det einaste skadeverket i Molde sentrum denne kvelden. Ein time seinare blei ein mann i tenåra brakt inn på politihuset etter at han gjorde skadeverk på biler i Molde sentrum.

Og i dei seine nattetimar tok politiet i Sunndal seg av ein mann i seksti åra som sov på ein benk. Mannen blei køyrt heim av politiet.