Hopp til innhold

Mykje bråk på byen i natt

Fleire personar i Ålesund var i natt så overstadig rusa at politiet måtte ta hand om dei. Også i Molde og Kristiansund har det vore travelt.

Illustrasjonsfoto: Utrykning
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Det har vore ei travel natt for politiet i heile fylket i natt Fleire personar i Ålesund har vore så berusa at dei ikkje har klart å ta hand om seg sjølv, deriblant ei mindreårig jente. I løpet av natta har 12 personar vore inne i fyllearresten i Ålesund.

Kvinne slost

Det har også vore fleire episodar med slåsting. Blant anna vart ei kvinne arrestert etter at ho var valdeleg og oppførte seg trugande mot andre i ei leilegheit i Ålesund. To andre vart pågripne etter slåsting i sentrum.

Mykje folk på byen

-Det har vore veldig mykje folk ute på byen i natt, men det blir feil å seie at bråket er på grunn av Jugendfesten. Folk inne på konsertområdet har oppført seg fint, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Tor André Franck.

Sovna frå pizzaen

Røykutvikling i bygård i Ålesund

Det var full utrykking då ein mann hadde sovna frå pizzaen sin i dag tidleg

Foto: Silje Thalberg / NRK

I dag tidleg kl 05.50 rykte alle naudetatar ut etter røykutvikling i 3. etasje i ein bygård i Ålesund. Det viste seg at ein mann som hadde vore på byen, sovna frå pizzaen i ovnen.

Politiet hjalp mann til sengs

Også i Molde og Kristiansund har det vore ei hektisk natt, med mykje fyll. Blant anna måtte politiet i Kristiansund hjelpe ein full mann i seng. Kona klarte ikkje hanskast med mannen, sjølv om dei berre var kort veg frå heimen.