Hopp til innhold

Fyll og bråk fleire stader i natt

Politiet har handskast med fyll og bråk fleire stader i fylket i natt. I Molde måtte politiet politiet vise vekke ein mann som fyrte opp eit bluss inne i Bjørnsonsalen.

Politibil illustrasjon

Det har vore ei travel natt for politiet fleire stader i Møre og Romsdal

Foto: Illustrasjon / NRK

Bjørnsonhuset var laurdag kveld fullt av tilhengarar som feira MFK sitt seriegull, men til alt hell blei ingen skadd i hendinga med blusset. Det opplyser politiet. Mannen blei beden om å halde seg vekke frå sentrum resten av kvelden.

Trugsmål og fyll

På Søre Sunnmøre blei ein person sett i arrest etter at han laga bråk og kom med trugsmål mot ein bustad.

Politiet på Sunnmøre har fleire gongar i løpet av natta tatt hand om personar som har laga bråk på utestader i Ålesund. Ved to høve ville mennene som laga trøbbel ikkje rette seg etter politiet sitt pålegg om å forlate staden og blei difor sett i fyllearresten.

I Ålesund blei ein mann pågripen etter å ha kasta stolar inne på eit hotell.

Promillekøyring

Politiet melder også om fleire tilfelle der det er mistanke om køyring i rusa tilstand. Dette gjeld fleire stader på Sunnmøre og sakene blir etterforska.

Også i Sunndal, Tingvoll og i Molde er det meldt om mistanke om promillekøyring og tre personar er melde til politiet.

I Ålesund etterforskar politiet i tillegg eit trafikkuhell der ein bil i løpet av natta har køyrt utfor vegen ved Blindheimstunnelen. Politiet melder at dei ikkje fekk kontakt med sjåføren, men at det truleg ikkje var snakk om personskade. Saka blir etterforska fordi bilen har treft ein lyktestolpe som velta.

Mykje uro

Også politiet i Nordmøre og Romsdal har hatt mykje å henge fingrane i natt til søndag. I tillegg til mistanke om promillekøyring melder dei om mange tilfelle av uro.

Laster Twitter-innhold

I Kristiansund blei fire unge menn tatt med til politiet etter å ha laga bråk i byen. Og i Surnadal må ein mann svare for urinering på offentleg stad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL