NRK Meny

Fyll i Molde

Ein mann i 20-åra låg i vegen i Molde og blei utagerande då politiet kom litt før midnatt. Den fulle mannen blei brakt inn for å ha forstyrra orden. Vel ein time seinare blei ei overstadig rusa kvinne i 20-åra sendt frå ein utestad i sentrum og til sjukehus. Ein time etter det igjen blei ei anna rusa dame i same alder funnen i Storgata av ei politipatrulje. Kvinna fekk etter kvart hjelp frå vener til å kome seg heim.