Hopp til innhold

Mats får ikkje spesialtilpassa skule

All ekspertise tilrår at 16 år gamle Mats Hvitsand får fortsette på den spesialtilpassa internatskulen sin, men fylkesskulesjefen seier nei. Det får konsekvensar for familien.

All ekspertise anbefaler at 16 år gamle Mats Hvitsand får fortsette på den spesialtilpassa internatskolen sin. Men fylkesskolesjefen sier nei og har plassert gutten med asperger og ADHD på fylkets egen yrkeslinje. Foreldrene fortviler over konsekvensene det får for familien.

Mats vert nekta spesialskule

Wanja Hvitsand

Etter at Mats vart nekta spesialskule, må Wanja Hvitsand vera med sonen på skulen for å fylgje han opp i friminutta.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Joakim Varvin

Joakim Varvin fortel at Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk har tilrådd at Mats får tilbod om spesialskule.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sverre Hollen

Sverre Hollen som er fylkesutdanningssjef meiner fylket har gitt eit godt nok tilbod til Mats.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Yngve Cappelen

For Yngve Cappelen i barnevernet er situasjonen for Mats sin familie ei kjend sak.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Guten med Aspergers syndrom og ADHD er 16 år og ny i vidaregåande skule i Kristiansund. Fylkesskulesjefen i Møre og Romsdal har plassert han på fylket si eiga yrkeslinje, og medan Mats har undervisning sit mor utanfor klasserommet.

– Eg sit og ventar på at Mads skal ha friminutt, seier Wanja Hvitsand.

Sidan skulestart har mora måtte vera med Mats på skulen. Fram til skulen fikk på plass ein assistent for kort tid sidan, følte mora at ho måtte vere der. Tenåringen har Aspergers syndrom og ADHD, og han slit med å forhalde seg til andre menneske.

Utvikla seg eksepsjonelt

I tiande klasse gjekk Mats på Tøndergård skole og ressurssenter. Dette er ein internatskule der dei har spesielle tilpassingar, til dømes skal dei lære praktiske gjeremål i kvardagen.

– Han fekk såkalla ADL-trening som legg vekt på aktivitetar i dagleglivet heile døgeret. Han budde der og hadde ein særkontakt, seier Wanja Hvitsand. Guten hadde alltid faste rammer.

– Han lærte seg utruleg mykje på det året han gjekk der, og utviklinga han hadde der var heilt eksepsjonell, fortel ho.

Vart tilrådd meir spesialskule

Så god utvikling hadde Mats ved Tøndergård at både den psykologisk/pedagogiske teneste i Kristiansund kommune og barne- og ungdomspsykiatrien tilrådde at Mats skulle få vidare skulegang her.

– Konklusjonen var at Tøndergård vil vera ein god stad for Mats å vera, seier Joakim Varvin. Han er seksjonsleiar ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk.

Likevel fekk ikkje Mats det bli verande, for etter grunnskulen er det ikkje lenger kommunen, men fylket sitt ansvar å gi han skuletilbod.

Meiner tilbodet er godt nok

Fylkeskommunen meiner dei kan gi Mats eit godt nok tilpassa tilbod på fylket sin eigen skule.

– Tøndergård er ikkje noko alternativ når vidaregåande kompetanse er målet, seier Sverre Hollen. Han er fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal.

– Då er det berre den vidaregåande skulen som er den aktuelle opplæringsarenaen, legg han til.

Kjend sak for barnevernet

For fylket er fokuset å gi Mats ei utdanning og mogelegheita til å kome seg ut i jobb, medan familien fokuserer på at Mats skal kunne fungere i kvardagen. Saken har òg blitt eit tema hjå barnevernet.

– Barnevernet si tilråding i denne saken har vore at han får halde fram ved Tøndergård skole, fortel Yngve Cappelen som er leiar i barneverntenesta i Kristiansund kommune.

– Og det er med bakgrunn i den totale situasjonen til guten og til familien, legg han til.

Veslebror måtte ut

Det er ein veslebror som skapar uro for barnevernet. Mats manglar impulskontroll, og dei to gutane skal vera minst mogeleg saman. Då Mats flytta heim måtte veslebroren ut. Han bur no store delar av tida på ein avlastningsheim.

– Det er urettferdig saka skal gå utover er veslebror. Han har også behov for å vera heime og vera trygg samtidig, seier Wanja Hvitsand.

Har de tatt ei heilskapeleg vurdering av situasjonen til familien?

– Når me legg til rette for opplæring for elevar som søker med rett til spesialpedagogikk, så tar me alltid ein heilskapleg vurdering, seier Sverre Hollen

Else May Botten

Else-May Botten har engasjert seg i saka. Ho meiner den bør takast vidare.

Foto: Trond Vestre / NRK

Saka bør takast vidare

Stortingspolitikar Else-May Botten (Ap) har engasjert seg i saka og ho meiner at ting burde ha vore gjort annleis. Alle partane burde ha sett seg ned i lag og lytta i større grad enn dei har gjort.

– Eg meiner saka bør takast vidare. Den kan ikkje bli avslutta på denne måten. Heile familien vert hardt ramma av situasjonen, seier Botten.

Arbeiderpartiet har hatt regjeringsmakta i mange år. Korleis kan slikt skje?

– Det er ulike fokusområde. Ein skal satse på at alle kjem seg gjennom vidaregåande skule, men så har vi unntak som har problem med å gjennomføre. Då må vi ha eit utdanningssystem som kommuniserer med helsevesenet, seier Botten.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL