NRK Meny
Normal

Fylket får sin første midtdelar

I dag starta ein ny æra innan trafikktrygging. På innfartsvegen til Ålesund starta monteringa av den første midtdelaren i fylket.

Video Midtdeler i Møre og Romsdal

Midtdelar i Møre og Romsdal

– Med tanke på trafikksikkerheita er arbeidet som no blir utført på innfartsvegen svært viktig, seier Jan Halkjelvik, sjef for utrykkingspolitiet i Møre og Romsdal.

Ålesund i første omgang

Agnethe Grønvik

Agnethe Grønvik byggjeleiar i Statens vegvesen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

På innfartsvegen til Ålesund får 1,5 kilometer av vegen midtdelarar. Seinare er planen at også andre delar av fylket skal få det same.

– Vegdirektoratet har laga kart over kvar dette skal gjerast, og då fekk vi ei lita strekning her i Ålesund, fortel Agnethe Grønvik, byggjeleiar Statens vegvesen.

– Om to år er det planlagt at vi skal setje opp nokre hundre meter i Molde òg, fortel ho vidare.

Håper på færre ulykker

Midtrabattar Ålesund

Arbeidet med midtdelarar er i gang på innfartsvegen til Ålesund.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Det er eit politisk ønske å få sett opp fleire midtdelarar på veganane i Noreg. Dette skal hindre død

Solveig Høgtøyl

Nabo til innfartsvegen i Ålesund, Solveig Høgstøyl, set pris på trafikktryggingstiltaket.

Foto: Brede Røsjø / NRK

sulukker og farlege situasjonar, og bidra til å auke trafikktryggleiken.

Naboar som til dagleg ser all trafikken på innfartsvegen til Ålesund trur midtdelarane kjem godt med.

– Her er så mange forbikøyringar, og det skaper problem, kan iallfall gjere det, seier nabo Solveig Høgstøyl.

– Trur du midtdelarane vil vere effektiv i å hindre ulykker?

– Ja absolutt, seier Høgstøyl.

Jan Halkjelvis, sjef for utrykningspolitiet i Møre og Romsdal

Jan Halkjelvis, sjef for utrykkingspolitiet i Møre og Romsdal.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Rimeleg tiltak

Fem millionar kroner kostar den 1,5 kilometer lange strekninga i Ålesund som no får midtdelarar.

Vil dette vere vel brukte pengar?

– Ja, eg trur det vil vere det. Slik eg forstår er det eit rimeleg trafikktryggingstiltak, seier Halkjelsvik.