Hopp til innhold

Fylkesutvalet vil ha kajakkforbod

Mattilsynet må ta meir ansvar for hindre smittespreiing av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Det meiner Fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris

Her ser ein laks angripe av parasitten Gyrodactylus salaris. Fylkesutvalet meiner Mattilsynet må ta meir ansvar for å hindre smittespreiing.

Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm

Frank Sve

Frank Sve i Framstegspartiet meiner kajakkforbod er løysinga.

Foto: Trond Vestre / NRK

No meiner Frank Sve frå Framstegspartiet at kajakkforbod er einaste løysing for å hindre smittespreiing.

– Den einaste måten er å forhindre at ein kan bruke kajakk i smitta vassdrag, og så reise til reine vassdrag, seier Sve.

Han og resten av fylkesutvalet i Møre og Romsdal er uroa for smitte gjennom bruk av fiskeutstyr, kajakkar og båtar.

– Fylkesutvalet er tydelege på at Mattilsynet må følgje opp lovverket.

– Det er eit sterkt signal frå Møre og Romsdal fylke, slår Sve fast.

Saka held fram under bildet.

Steinar Reiten

Steinar Reiten i Kristeleg Folkeparti er klar på at forbodet berre bør gjelde for smitta vassdrag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Gulrot, ikkje pisk

– Det som no er viktig for oss å få sagt er at ein her må bruke gulrot heller enn pisk, seier Steinar Reiten i KrF.

Han vil styrke informasjonen til turistane om faren for smittespreiing av lakseparasitt mellom vassdraga våre.

– Det å innføre forbod mot bruk av kanoar og kajakkar i vassdrag som ikkje er smitta, det går vi ikkje inn for.

– Det som har slått oss er at det nesten ikkje finst informasjon om problematikken på dei nettstadane som turistar – som kjem til Møre og Romsdal – nyttar seg av, seier Reiten.

Han vil difor samarbeide med reiselivsnæringa.

– På den måten får vi informasjonen inn på nettportalane som turistane bruker, avsluttar fylkespolitikaren i KrF.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Programleiar Bibbi Kjølås i studio 2021

Se distriktsnyheter med Bibbi Kjølås