Hopp til innhold

Fylkesrådmannen frårår deponi

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik meiner det ikkje bør bli gitt løyve til deponering av ordinært avfall på Raudsand før ei konsekvensutgreiing er klar.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkesrådmannen vil ha ei konsekvensutgreiing på plass før han kan rå fylkesutvalet til å seie ja til eit deponi for ordinært avfall på Raudsand i Nesset.

– Vi meiner det er uheldig om Miljødirektoratet behandlar driftssøknaden før samla konsekvensar av deponering og behandling av ordinært og farleg avfall på Raudsand er vurdert og drøfta i reguleringsplanprosessen, uttaler Guttelvik i ei pressemelding.

Ordinært avfall

Raudsand i Nesset kommune er ein av to kandidatar til å få det nye nasjonale deponiet for farleg avfall. Det er også søkt om løyve til deponering av ordinært avfall, og det er denne førespurnaden fylkesrådmannen no ber fylkesutvalet om å vente med å svare ja på.

Saka kjem opp til politisk behandling i samband med at fylkeskommunen i starten av juni sendte inn høyringssvar til Miljødirektoratet om driftssøknad for «Deponi 2 for ordinært avfall på Raudsand», skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine sider.

Miljørisikovurdering

Det er spesielt miljørisikovurderinga fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik peikar på. Han meiner denne vurderinga er for svak no og bør utgreiast ytterlegare.

Han peikar også på at eit slikt deponi kan få negative konsekvensar for både akvakultur og reiseliv og ber Miljødirektoratet om å ikkje gi løyve til deponiet før eit eventuelt reguleringsplanvedtak er på plass.