- Industriskissa som Statoil og Shell har lagt fram i dag er ein draum for den raudgrøne regjeringa, seier Jon Aasen (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal. - No må regjeringa ta ansvaret for å leggje rammevilkåra for prosjektet til rettes. Planane er ikkje berre god miljø- og industripolitikk, men også god distriktspolitikk.
Energipolitisk visjon
- Møre og Romsdal fylke har saman med LO og NHO lenge ivra for å få til gasskraftverk med CO2-reinsing og utnytting av CO2 til auka olje- og gassproduksjon. Visjonen er at i 2020 skal energiproduksjonen i Norskehavsområdet operere etter retningslinjer som tek omsyn til det 21. hundreårets krav til både miljø og verdiskaping. Planane til Statoil og Shell er det første viktige steget for å realisere denne visjonen, seier Aasen.