Hopp til innhold

– Ingen tvil om at vi greier oss sjølve

Fylkesordførar Jon Aasen har klokkartru på at Møre og Romsdal vil halde fram som eigen region i framtida.

Jon Aasen

Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) har inga tru på det Venstre-leiar Trine Skei Grande seier om at Møre og Romsdal vert ein for liten region.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Torsdag vedtok Stortinget regionreforma der Møre og Romsdal får halde fram som eigen region, men Venstre-leiar Trine Schei Grande meiner Møre og Romsdal blir for lite på lengre sikt.

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) svarer at Møre og Romsdal heilt sikkert vil klare å stå på eigne bein.

– Dersom vi vil det sjølve, så gjer vi det.

– Står godt åleine

Eitt av hovudargumenta til Jon Aasen for at Møre og Romsdal klarer seg godt åleine er at det er eit såpass stort fylke. Eller region, som det skal heite framover.

– Innanfor dei oppgåvene som eg ser føre meg er naturleg å leggje til regionane, så er eg ikkje i tvil om dette.

Eit flertall av fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har gjennom mange tøffe debattar bestemt seg for at det ikkje er aktuelt å gå verken nordover eller sørover i regiondebatten.

Trur inndelinga vert endra

Venstreleiar Trine Skei Grande trur kommune- og regionreforma som Stortinget no handsamar berre er byrjinga på noko større. Aasen, på si side, trur ikkje regionane kjem til å vekse. Snarare tvert om.

Arbeidarpartiet gjekk i januar ut med lovnad om å innvilge skilsmisse til kommunar som vert slått saman mot sin vilje dersom dei vinn valet til hausten. Aasen trur også at ein del av dei vedtaka som no er fatta når det gjeld inndelinga av regionar kan komme til å verte gjort om på.

– Der er fylke som ikkje høyrer ihop og som berre ventar på regjeringsskifte for å kome tilbake til meir einsarta einingar.

– Uferdig kommunereform

Fylkesordførar Jon Aasen forventar likevel at kommunereforma vil halde fram.

– Kommunereforma er tydelegvis uferdig, for det er altfor stor spreiing når det gjeld storleiken på kommunane.