Hopp til innhold

Fylkesordførar: – Møre og Romsdal må dra lasset saman

Møre og Romsdal får halde fram som eigen region. – Vi må legge grumset til sides og bruke alle krefter på å dra i lag, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap).

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen seier at det ikkje var noka bombe at Møre og Romsdal består.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Stortingsfleirtalet vil halde på Møre og Romsdal som eigen region. 19 fylke blir til 10 eller 11 regionar, medan Møre og Romsdal får stå åleine. Fylkesordførar Jon Aasen har vore ein sterk pådrivar for å halde fylket samla. Han vart ikkje overraska då meldinga kom tysdag kveld.

– Dette har vi fått tydelege signal på lenge. Det var inga bombe at Møre og Romsdal består, seier Aasen.

Vil til Trøndelag

Men det er slett ikkje alle kommunane i Møre og Romsdal som ynskjer at alt som vere som i dag. Kristiansund og fem andre nordmørskommunar ynskjer å bli ein del av Trøndelag. Aasen skulle ynskje at kommunane heller drog saman og bruker alle krefter på å få fylket best mogleg.

– Eg er klar over at dette er eit fromt ynskje som ikkje nødvendigvis er full realisme i. Like fullt er det eit ynskje om at vi må samle oss, seier Aasen.

LES OGSÅ:

Legge bort grumset

Møre og Romsdal har i fleire samanhengar stått fram som eit fylke med store indre spenningar. Ikkje minst har striden kring det nye, felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal gjort splittinga svært synleg.

Aasen meiner at ein no må vise at ein ynskjer å samarbeide gjennom praktisk politikk.

– Vi får legge grumset og andre ting til sides og gjere det beste ut av det. Eg er sikker på at vi får dette til. Vi har eit rasande godt fylke med vanvittig høg verdiskaping, seier Aasen.

Ti regionar

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti er blitt samde om at det skal vere 10 regionar i Noreg.

Nord-Noreg skal delast i to regionar, ikkje tre fylke som i dag.
Buskerud, Akershus og Østfold blir ein ny Viken-region.
Aust-Agder og Vest-Agder blir til eitt Agder
Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har alt vedteke å slå seg saman.
Hedmark og Oppland blir til region Innlandet.
Hordaland og Sogn og Fjordane blir til region Vestlandet
Møre og Romsdal blir som i dag.
Rogaland blir som i dag.
Oslo blir som i dag.