Gruppa hausta trampeklapp for framføringa av den eigenkomponerte songen «Let's make babies».
400 deltakarar
400 ungdommar frå heile fylket strøymer til Kristiansund for å delta på fylkesmønstringa denne helga. Årets mønstring vart opna med tre innslag frå kulturskulen i Kristiansund, som kunne by alt frå stepdans til sykling på eitthjulssykkel og folkedans.
Flott ungdom
Både ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, og kulturdirektøren i fylket, Arvid Blindheim, rosa ungdommen i sine opningstalar.
25 går vidare
25 av dei 400 ungdommane som denne helga utfoldar seg på scena i Kristiansund skal få reise videre og prøve talenta sine på Trondheimspublikumet under landsmønstringa seiere i år.