NRK Meny
Normal

Saknar bynært sjukehusalternativ

Fylkesmannen vil at eit nytt sjukehus skal ligge nært eit bysentrum. Han meiner ingen av dei seks alternativa som er lagt fram på Nordmøre og Romsdal oppfyller kravet heilt.

Fylkesmann Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm er ikkje fornøgd med nokon av dei seks alternativa til sjukehustomt som ligg på bordet.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Plassering av felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal

Her er alternativa til passering som Helse Møre og Romsdal har lagt fram

Foto: NRK

–Vi påpeikar at vi saknar ei god utgreiing av eit bynært sjukehusalternativ. Og vi syns ikkje verken Hjelset eller Frei er bynære nok, seier Lodve Solholm til NRK.

Solholm er klar på at ei slik utgreiing burde vore gjort, men han vil ikkje vurdere kva for konsekvensar uttalen bør få.

–Vi får sjå om nokon tar det til vitande og gjer noko med det. Det er ei politisk avgjerd, og det skal fylkesmannen vakte seg for å gå inn i, seier Solholm.

Frist ved midnatt

Ved midnatt måndag går fristen ut for å komme med innspel til val av tomt for det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Fylkesmannen leverte i dag sitt innspel til prosessen, der han har sett på dei regionale konsekvensane av dei ulike alternativa. Han legg særleg vekt på konsekvensar for trafikk og beredskap.

–Transportauken vil bli stor dersom det ikkje er bynært. For brannberedskapen kan vi ikkje ha for lang utrykkingstid. Difor seier vi frå om at vi saknar eit bynært alternativ både i Molde og Kristiansund, seier Solholm.

Likestiller Frei og Hjelset

Av dei seks alternativa som er lagt fram, er Frei og Hjelset dei som ligg nærast ein by. Solholm seier desse to dermed kjem betre ut i deira vurdering enn tomtene i Gjemnes.

–Dei står nokså likt slik vi ser det, så det blir opp til styret i helseforetaket å gjere ei vurdering. Det vi seier er at vi rår til at ei av desse tomtene blir valt.

Vi saknar ei meir nyansert vurdering av Freifjordtunnelen og andre flaskehalsar på E39 som kan gi grunn til uro med tanke på å komme raskt fram til eit akuttsjukehus.

Seks alternativ på bordet

Eitt nytt sjukehus skal etter planen stå ferdig i 2021 og koste om lag fire milliardar kroner. Helse Møre og Romsdal har utgreidd seks alternative tomter. Eitt i Kristiansund, to i Gjemnes og tre i Molde.

I haust har det vore halde både orienteringsmøter og folkemøter om dei ulike alternativa. Ved midnatt blir det altså sett strek for innspel til prosessen, då går høyringsfristen ut.

17. desember blir ein viktig dag. Då skal styret i Helse Møre og Romsdal levere si innstilling til val av tomt for det nye sjukehuset.