Hopp til innhold

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Oppsummert

Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

  • To tilsette i heimetenesten snoka i journal

    To tilsette i heimetenesten på Nordmøre skal ha snoka i journalen til ein pasient. Det går fram av tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

    Snokinga skal ha skjedd over fleire dagar etter at pasienten blei lagt inn på sjukeheim, og dei tilsette har forklart snokinga med at det var eit uttrykk for omsorg.

    Begge har i ettertid beklaga det som skjedde.

    Fylkeslegen i Møre og Romsdal skriv at pasientar skal kunne oppsøke helse- og omsorgstenesten utan å trenge å frykte at uvedkomande får tilgang til opplysninger om dei.

    Snokinga blei oppdaga då kommunen tok stikkprøver.

  • Blei tvangsinnlagt på sjukeheim

    Ein lege i Molde får kritikk for å ha brukt tvang overfor ein pasient. Ved hjelp av politiet blei pasienten henta heime og lagt inn og undersøkt på ein sjukeheim. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal konkluderer med at dette er i strid med lova.

    Det blei heller ikkje dokumentert godt nok i journalen til pasienten kva for vurderingar legen tok.

    Molde kommune får samtidig kritikk for å ikkje sørga for god nok opplæring, mellom anna av tilsette sitt høve til å bruke tvang overfor pasientar.

  • Utfordrer sunnmørskommunene på samarbeid

    Statsforvalteren utfordrer Ålesund og nabokommunene på å inngå et bedre og mer organisert interkommunalt samarbeid.

    I går hadde Else May Norderhus møte med Ålesund kommune. I dag møter hun de andre sunnmørskommunene på en konferanse i Ålesund.

    Norderhus mener det er viktig at kommunene lykkes med å skape et godt samarbeid, og at det er et stort potensiale på Sunnmøre.

    – Her er det massevis å rydde opp i, men her er det også store muligheter, sier hun.

    Statsforvalter Else May Norderhus i Møre og Romsdal besøker kommunestyret i Ålesund.
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Flere avvik hos Bingsa i Ålesund

    Statsforvalteren har funnet flere avvik etter en inspeksjon hos Bingsa i Ålesund kommune. Det skriver Sunnmørsposten.

    Inspeksjonen ble gjennomført 19. september, og to av avvikene regnes som alvorlige. Disse er: 1) Deponiet har ikke tilfredsstillende rensing av sigevannet. 2) Det mangler en risikovurdering for deponiet med tilhørende aktiviteter.

    Avisa skriver videre at Ålesund kommune har plikt til å rette opp avvikene så snart som mulig. Innen 1. januar 2024 må kommunen ha sendt inn en skriftlig redegjørelse son viser hvordan avvikene er rettet, eller ha en detaljert handlingsplan for retting.

  • Krev betre reinsing

    Statsforvaltaren krev betre reinsing ved alle deponia i fylket. Desse er Bingsa, Øveråslia deponi i Vestnes og Årødalen deponi i Molde, skriv Sunnmørsposten.

    Tilsyna har vist at mykje vatn med stoff som har lekt ut frå deponert avfall, blir sleppt ut i sjøen utan å bli godt nok reinsa først, ifølgje nettsida til Statsforvaltaren.

    – Vi ser med uro på at deponia ikkje klarar å reinse tilstrekkeleg, seier Christian Dahl som er fagleiar i Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

    No krev Statsforvaltaren at betre reinsing må på plass. Deponieigarane har fått frist til 1. januar 2024 for å gje tilbakemelding på korleis dei vil få til dette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL