Biletet av ein smilande familie på fire heng på kjøleskapsdøra. Mor, far og to barn. No er pappa borte. Han tok livet sitt.
– Vi snakkar om han kvar einaste dag for å ikkje gløyme han, seier sambuaren.
Ho har kjempa ein tøff kamp mot Helse Møre og Romsdal, fordi ho meiner at verken sambuaren eller barna fekk den hjelpa dei skulle hatt. Fylkeslegen gir henne fullt medhald og skriv dette i den avsluttande rapporten:
«Fylkesmannen mener at sykehusets manglende ivaretakelse av barna var en stor svikt både overfor disse og overfor pasienten selv siden skyldfølelse overfor barna var noe som plaget ham.... Som foran nevnt må vi dessverre også konkludere med at nødvendig ivaretakelse av pasientens barn på (alder) og (alder) har vært helt fraværende fra sykehusets side». (Red.anm: NRK har fjerna alderen til borna, av omsyn til personvernet deira)
Innlagt på psykiatrisk
Det starta då tobarnsfaren blei innlagt på psykiatrisk sjukehus med angstanfall og sjølvmordstankar. Sambuaren seier at ho fleire gongar bad om at barna skulle få kome inn til samtale på sjukehuset for å få informasjon om farens sjukdom.
Ho hevdar at sjukehuset svarte at dei to mindreårige barna var for små.
– Ingen barn er for små. Jo meir dei veit, dess betre er det, seier kvinna.
Ho skildrar månadane før sambuaren tok livet sitt som svært tøft for alle fire.
– Det var eit helvete. Ikkje berre for meg og han, men også for barna. Alt handla om faren som var sjuk. Ungane kom i andre rekke, fortel ho.
Barna hadde vore vande med ein glad pappa som alltid ville finne på noko, og no kjende dei han plutseleg ikkje att. Den siste tida han levde var tobarnsfaren plaga av skuldkjensle fordi han var så sjuk.
Beklagar svikt
Berre to månader etter at han blei alvorleg deprimert, tok han livet sitt. Etter dødsfallet tok sjukehuset kontakt med kommunen sitt kriseteam for å fylgje opp barna. Fylkeslegen meiner at også sjukehuset sjølv burde varetatt dei.
Helse Møre og Romsdal vedgår at dei burde ha følgt opp barna betre med samtalar og informasjon om faren.
– Dette er ei frykteleg trist sak, og vi beklagar på det sterkaste at oppfølginga av familien og då spesielt barna, har svikta, seier klinikksjef Karl- Arne Remvik.
Han seier at sjukehuset pliktar å fylgje opp barn som pårørande uansett alder. Helseføretaket har utarbeidd ein handlingsplan for å lære av saka. Det betyr blant anna at alle seksjonane i psykiatrien skal ha ein eigen barneansvarleg.
Karl- Arne Remvik, klinikksjef for for psykisk helse og rus og beklagar at oppfølginga av barna svikta.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKBarn føler ansvar
Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord (LEVE) blir jamleg kontakta av familiar som ikkje veit kvar dei skal få oppfølging til barna sine.
– Barn forstår ofte ikkje kvifor mor eller far endrar åtferd. Barn kan tenke at det er deira skuld og at dei har ansvar, seier generalsekretær Therese Grøm. Ho meiner barna har like stort behov for informasjon som vaksne om kva psykisk sjukdom inneber. Erfaringa hennar er at det er store forskjellar i kor godt barna blir varetekne. Pasient- og brukaromboda rundt om i landet jobbar med få slike saker, men meiner det kan vere store mørketal .
For den vesle familien på tre i Møre og Romsdal går livet vidare. Tobarnsmora håper at andre barn i same situasjon heretter skal få betre oppfølging etter at ho klaga til Fylkesmannen.
– Det har vore mange tårer og mykje å gå gjennom på nytt, men det var verdt det, seier kvinna.
LES OGSÅ: