Hopp til innhold

Ser alvorleg på at legevakta var utan legar

Natt til laurdag var det ikkje lege på jobb ved Ålesund legevakt. Legevakta har ansvar for 86.000 menneske i åtte kommunar. Fylkeslegen vil ta tak i saka.

Ålesund legevakt

Åtte kommunar har inngått eit samarbeid om legevakt. Natt til laurdag var det ingen legar på jobb på grunn av sjukdom.

Foto: Frode Berg / NRK

Det er Sunnmørsposten som i dag skriv at Ålesund legevakt ikkje hadde legar på vakt ei heil natt. Legen som skulle jobbe vart sjuk og det same vart legen som hadde bakvakt.

Christian Bjelke

Fylkeslege Christian Bjelke ser alvorleg på saka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ifylgje avisa prøvde Ålesund kommune å få tak i ny lege, men på grunn av ferieavvikling og at legane har vakt i heimkommunane sine, lukkast dei ikkje.

Ålesund legevakt har ansvar for innbyggjarane i åtte kommunar med til saman 86.000 innbyggjarar.

Vil ha svar

Dermed var det berre sjukepleiarar på jobb. Dei måtte sende pasientar til akuttmottaket til Ålesund sjukehus, som ligg like ved.

Fylkeslege Christian Bjelke ser alvorleg på saka.

– Vi kjem til å be Ålesund kommune om eit svar på kva rutinar dei har og kva rutinar dei vil etablere i framtida, seier Bjelke til NRK.

Sårbare

Han seier at sjølv om pasientar med dei mest alvorlege tilstandane får hjelp på sjukehuset, er det alvorleg at kommunen ikkje klarer å skaffe lege ei heil natt for så mange innbyggjarar.

– Ålesund kommune er sårbare når dei har tatt over legevaktfunksjonen for eit så stort område. Det betyr at ein må ha legar i reserve når slikt skjer, seier Bjelke.

Uakseptabelt

Astrid Eidsvik

Rådmann i Ålesund, Astrid Eidsvik, seier at dei skal gå gjennom rutinane sine.

Foto: Remi Sagen / NRK

Rådmann i Ålesund kommune, Astrid Eidsvik, seier det er uakseptabelt å vere utan lege på natta.

– Slik kan vi ikkje ha det og vi må gå gjennom rutinane våre og endre dei, slik at dette ikkje skjer igjen, seier Eidsvik til NRK.

– Har de for få legar i beredskap?

– I utgangspunktet har ein danna den interkommunale legevakta for å ha eit stort tal på legar å spele på. Vi skulle ha nok legar til å klare å løyse det også i ferietider, seier Eidsvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL