Hopp til innhold

– Legevakta skal ikkje stå tom

Fylkeslegen i Møre og Romsdal fryktar at tiltaka som Ålesund kommune har varsla for å hindre at den interkommunale legevakta blir ståande tom når legane er sjuke, er for dårleg.

Ålesund legevakt

8. august var legevakta utan legar til stades.

Foto: Remi Sagen / NRK

I august i år var 86 000 innbyggarar på Nordre Sunnmøre utan legevakt ei heil natt etter at to legar blei sjuke.

I ettertid påla fylkeslegen Ålesund kommune, som er vertskommune for den interkommunale legevakta, å sette i verk tiltak for å hindre at dette skjedde ein gong til.

Cato Innerdal, assisterende fylkeslege i Møre og Romsdal .

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal krev ei sikker bemanning.

Men assisterande fylkeslege Cato Innerdal er ikkje sikker på at dei varsla tiltaka kan hindre nye hendingar.

Nye forslag

No skal kommunane gå nye rundar med fastlegane ved Ålesund interkommunale legevakt. For kommunelegane i samarbeidskommunane har kome med eit notat med fleire alternativ til løysingar, som ikkje har vore vurderte tidlegare.

– No skal desse forslaga og kostnadene med dei utgreiast, fortel seksjonsleiar Reidun Vikan.

Målet er å ha ei sikker bemanning på legevakta, og eit forslag er ei bakvaktsordning. Legane ønskjer også at dei skal vere to legar til stades på legevakta, først og fremst i helgane, men helst heile veka – i tillegg til bakvakt.

– Skal vere lege på plass

Vikan kan ikkje garantere at legevakta ikkje blir ståande tom igjen, men at dei arbeider for å få eit system som sikrar at det til ei kvar tid er legar til stades.

Sidan legane ikkje er tilsette i kommunen, kan dei ikkje bli beordra på jobb.

– Men legane har ei vaktordning som gjer at vi kan sikre at nokon kan ta over om andre blir sjuke, seier Vikan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL