Hopp til innhold

Vil stoppe partylimousine

ÅLESUND (NRK): Selskapet P & P Entertainment held fram tilbodet med show og limousine sjølv om fylkeskommunen krev full stans i verksemda.

P&P Entertainment

Dette er første limousinen som P&P Entertainment tok i bruk i Ålesund. Seinare har dei utvida med ein kvit bil i tillegg. Biletet er henta frå nettsida til selskapet etter avtale med Frank Eiksund.

Foto: Bilete frå nettside / P&P Entertainment

Dei to limousinane til P & P Entertainment viser godt igjen i gatebiletet i Ålesund, særleg på kveldstid i helgane. Selskapet lovar stor stemning og unike opplevingar. Kundegruppene er jubilantar, utdrikkingslag, brudepar og andre som er i feststemning.

– Vi driv entertainment og show, og kan også stille med eigen butler i limousinen, fortel dagleg leiar til Frank Eiksund. P & P Entertainment er ei forkorting for det fulle namnet som er Pompel og Pilt Entertainment, der Frank Eiksund er Pompel og driftsleiar Bernhard Myrstad er Pilt.

– Bryt yrkestransportlova

No krev Møre og Romsdal fylkeskommune full stans i verksemda. Fylkeskommunen hevdar at denne typen verksemd, der transport inngår, er definert som persontransport mot vederlag. Ifølgje fylkeskommunen må dermed drivarane av verksemda ha løyve på linje med drosjenæringa.

– Vi meiner dei bryt yrkestransportlova. Dei driv persontransport mot vederlag. Vi ønskjer at politiet og vegvesenet skal aksjonere mot firmaet, seier Jan Eirik Søraas i Samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune til NRK.

Jan Eirik Søraas

Jan Eirik Søraas i Samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune oppdaga gjennom media at P & P Entertainment heldt fram verksemda si sjølv om selskapet hadde fått fleire åtvaringar frå fylkeskommunen.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Treng ikkje løyve

Dagleg leiar i P & P Entertainment, Frank Eiksund, tek kravet frå Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen med knusande ro. Han ser på brevet frå fylkeskommunen som «berre eit brev», og kjem ikkje til å etterkome pålegget. Tvert om kjem både den kvite og den rosa limousinen til å vere svært synleg i bybiletet i Ålesund framover.

– Vi driv ikkje persontransport. Vi har eit underhaldningsfirma og driv show i bilen. Vi har ulike typar show som bursdagsselskap, prinsesseshow og mafiashow, seier dagleg leiar Frank Eiksund til NRK.

Eiksund opplyser til NRK at dei ikkje ønskjer å kommentere saka ut over dette. Firmaet avventar no prosessen som er sett i gang etter brevet frå fylkeskommunen.

P & P Entertainment

Det er Bernhard Myrstad (Pilt) og Frank Eiksund (Pompel) som driv selskapet P & P Entertainment. (Bilete frå selskapet si Facebookside etter avtale med Frank Eiksund).

Foto: P & P Entertainment / Pressebilde

Meldt til politiet

No har Norges Taxiforbund, avdeling Møre og Romsdal meldt P & P Entertainment til politiet. I meldinga til politiet heiter det at selskapet verken har drosjeløyve eller selskapsvognløyve.

– Selskapet bryt lova. Så lenge dei har med passasjerar og tek imot betaling så er dette persontransport som krev løyve. Skal det vere likskap for lova må denne verksemda opphøyre, seier leiar i Norges Taxiforbund avdeling Møre og Romsdal, Per-Morten Bjørlykke.

Frank Eiksund seier at dei avventar situasjonen også i samband med at dei er melde til politiet, og seier at dei kjem til å stille til avhøyr om dette blir aktuelt. Han er tydeleg på at verksemda held fram som før.

Selskapet P & P Entertainment blei oppretta 1. oktober 2016 og blei registrert i Brønnøysundregistra 12. oktober same år. Der heiter det at selskapet skal drive med underhaldning