Fylkesgrensa gjer at ho må flytte

Maria Hatlevik Borg (15) kunne pendla til skule i nabofylket, men må i staden flytte på internat.

Maria Hatlevik Borg

Maria Hatlevik Borg skal bu på internat til hausten, medan ho går på vidaregåande.

Foto: Privat

Om få veker er det skulestart og i Vanylven i Møre og Romsdal betyr det hybelliv for 15-16-åringar. Det vidaregåande tilbodet i heimkommunen er avgrensa til tre linjer og for dei som vil gå noko anna, blir alternativet å flytte.

Maria Hatlevik Borg (15) skulle ynskje at det gjekk an å søke skuleplass på tvers av fylkesgrensa. Slik reglane er i dag, får ho og dei andre ungdomane frå Vanylven berre skuleplass i nabofylket, dersom skulen ikkje har fylt opp plassane.

Borg bur på Åheim, som ligg berre tre mil unna Måløy i Sogn og Fjordane. Hadde ho fått skuleplass i Måløy, kunne ho bu heime hos familien dei neste tre åra og pendla. I staden flyttar ho til Stranda, over 13 mil unna. Der har dei internat, så ho slepp å bu åleine på hybel.

– Eg trur mange hadde søkt seg til Måløy dersom det var eit alternativ. Eg veit at mange har lyst å bu heime, seier Borg.

15-åringen skal gå studiespesialisering og er spent på korleis det blir å flytte på internat.

Maria Hatlevik Borg bur på Åheim, tre mil unna Måløy. No må ho flytte til Stranda og bu på internat,

Maria Hatlevik Borg bur på Åheim, tre mil unna Måløy. No må ho flytte til Stranda og bu på internat, over 13 mil unna.

Strengare enn landegrense

Gudrun Borg er mor til Maria (15) og meiner det hadde vore svært aktuelt for dottera å gå på skule i Måløy dersom det var mogleg. No er det ikkje eit reelt alternativ.

– Fylkesgrensene opplevast strengare enn landegrensene, seier Borg.

Lena Landsverk Sande

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), ynskjer fritt skuleval over fylkesgrensa.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), opplever fylkesgrensene som ein Berlinmur. Ho har kontakta Fylkeskommunene i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for å finne ei løysing.

– Eg synest fylkesgrensa er heilt meiningslaus. Det gjeld både skule, helse og frykteleg mange tilbod, seier Sande.

I 2016 vedtok Stortinget at det skal bli lettare å velje skule over fylkesgrensene. Dersom eleven får skuleplass i eit anna fylke, er det heimfylket som skal betale.

– Dersom eleven søker studieplass over fylkesgrensa, hamnar han aller sist i søknadskøen og får berre tilbod dersom det er ledige plassar. Det seier seg sjølv at det er vanskeleg, seier Sande. Skulen i Måløy har ikkje kapasitet og Sande meiner at dei to fylka må samarbeide.

Ordføraren synest det er synd at mange ungdomar i Vanylven dermed må flytte heimanfrå så tidleg.

– Det er mange 16-åringar som er for unge til å reise på hybel, seier Sande.

LES OGSÅ: