Vil fylgje omstridt ferje med argusauge

Om han ikkje reint fysisk stiller seg på kaia for å sjå om ferja er i rute, vil samferdsleleiar Oddbjørn Vatne fylgje MF Ullensvang med argusauge.

Ullensvang

Også fylkespolitikarane fryktar at ferja Ullensvang ikkje vil klare å halde rutetidene i sambandet Hareid-Sulesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne kjem til å fylgje nøye med på om ferje held rutetidene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Då det vart kjend at den 28 år gamle ferja MF Ullensvang skal inn i sambandet Hareid-Sulesund frå januar 2015 vart det ramaskrik.

No har også ferjeselskapet Norled, som vann anbodet, erkjent at det ikkje er optimalt å sette inn ferja. Dei fekk ein smakebit på problema då ferja vart brukt i fem dagar i vår. Det tok for lang tid å fylle og tøme ferja for bilar.

I kontrakten melde Norled inn at MF Ullensvang skal trafikkere mellom Hareid og Sulesund.

I ettertid har ferjeselskapet prøvd å behalde dagens to ferjer der og heller sette den gamle ferja inn i sambandet Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane.Det har Statens vegvesen, region Vest, sagt nei til.

Kjem til å fylgje med

Leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne, er skeptisk til den gamle ferja.

– Vi kjem til å fylgje med frå første dag. Dersom ferja ikkje klarer å halde rutetidene, har ikkje ferjeselskapet oppfylt kontrakten, seier Vatne.

Han trur Norled veit at fylkeskommunen vil stå på kaia og observere.

Kontakta statsråden

Denne veka skreiv Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) brev til Samferdselsminister Kjetil Solvik Olsen, der han ber han sjå på problemet. Grimstad meiner løysinga er å behalde dei ferjene som normalt går i sambandet.

Vatne meiner at statsråden kan gå inn og bestemme at Ullensvang ikkje skal inn i sambandet. NRK har vore i kontakt med samferdselsdepartementet, men dei treng tid til å sette seg nærare inn i saka.

Anders Riise

Ordførar i Hareid, Anders Riise, håper at ferja aldri vert sett inn i sambandet.

Foto: Terje Reite / NRK

Vart nedringt

Ordførar i Hareid, Anders Riise (H), er overtydd om at det må kome ei løysing, slik at Ullensvang aldri kjem i trafikk i sambandet.

– Det var så røyte gale dei fem dagane Ullensvang gjekk. Eg fekk ein storm av telefonar frå folk som var irriterte, seier Riise.

Han synest det er interessant å høyre at ferjeselskapet no erkjenner at det ikkje er optimalt å sette inn ferja. Sjølv meiner det er galskap dersom den gamle ferja skal trafikkere i fire år.

– Det vart antyda at vi skulle få tre ferjer i sambandet med avgang kvart 20. minutt. Så endar vi opp med ei gamal ferje som ikkje held mål, seier Riise.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.