Hopp til innhold

Furene satsar i Herøy

Furene AS har nyleg brukt 14 millionar kroner på nye lokale i Dragsund i Herøy. Arbeids- og inkluderingsbedrifta, som har hovudkontor i Volda, er ei av om lag 115 slike bedrifter i Noreg. Kvart år er fleire hundre personar innom ei av avdelingane for å få oppfølging med mål om arbeid. Børge Sætre, avdelingsleiar ved Furene avdeling Dragsund, fortel at dei har eit omfattande samarbeid med næringslivet i distriktet som ein viktig del av attføringsarbeidet. Sjå meir i videoen her:

Furene AS har nyleg brukt 14 millionar kroner på nye lokale i Dragsund i Herøy. Arbeids- og inkluderingsbedrifta har hovudkontor i Volda og er eigd av Norges Handikapforbund, Møre og Romsdal Fylkeskommune og ni kommunar på Sunnmøre og Nordfjord.