NRK Meny

Funn av tom båt i Averøy

Politiet melder at ein tom aluminiumsbåt, Fishing 440, vart funnen ved Råneset i Averøy i sju-tida i dag tidleg. Politiet og Hovudredningssentralen undersøkjer om nokon kan ha ramla i sjøen. Hovudredningssentralen har sendt eit helikopter som skal søke i området. Politiet meiner å vite kven som eig båten, og prøver å få kontakt med vedkomande og andre som kan ha opplysningar i saka.