NRK Meny
Normal

Fullt etterforskingstrykk i valdtektssaka i Sula

Innsamling av mobildata og videoklipp er ein viktig del av etterforskinga etter valdtektsforsøket i Mauseidvåg på Sula.

Innsamling av mobildata og videoklipp er ein viktig del av etterforskinga etter valdtektsforsøket i Mauseidvåg på Sula. Politiet har framleis nesten 40 personar som etterforskar saka.

Sjå tv-saka: Politiinspektør Elin Drønnen fortel at valdtektssaka i Sula har førsteprioritet.

– Vi har framleis fullt trykk på etterforskinga, saka har førsteprioritet hjå oss, seier politiinspektør Elin Drønnen ved Sunnmøre politidistrikt.

Drønnen er påtaleansvarleg for etterforskinga av valdtektsforsøket i Mauseidvåg i Sula kommune natt til søndag. Politiet gjør de kan for å oppklare saka så raskt som mogleg.

Politiet har i dag nærare 40 personar som etterforskar saka.

Dør-til-dør-aksjonen held fram

Det var søndag førre veke det vart kjent at ei eldre kvinne er forsøkt valdteken i ein eldrebustad i Sula. Det skjedde berre ein månad etter at ei eldre kvinne blei valdteken ikkje langt unna. Søndag kveld gjekk politiet ut og bad folk om å lukke vindauge og låse dører.

Politi rundspørjing

Politiet held tysdag fram rundspørjinga i området der den eldre kvinna skal ha blitt valdteken.

Foto: Terje Reite / NRK

Måndag og tysdag denne veka heldt politiet fram rundspørjinga og dør-til-dør-aksjon i området der den eldre kvinna skal ha blitt valdteken.

Menn i det same området er også bedne om å levere frivillig DNA-prøvar, og samstundes har politiet etterlyst private videoopptak frå den aktuelle natta.

Tysdag fortalde ordførar Geir Ove Vegsund at kommunen no tilbyr redde naboar nokon å snakke med, dersom dei har behov for det. Han seier fleire sjukepleiarar i heimetenesta er involvert i arbeidet.

Har fått inn fleire tips

I nabolaget til Vågstunet omsorgsbustader der den eldre kvinna vart forsøkt valdtatt, fortset politiet å ha samtaler med naboane. Det har kome inn fleire tips etter at politiet tidlegare denne veka gjekk ut med ei beskriving av gjerningsmannen.

Nabolag

Det var i dette området valdtektsforsøket i helga skal ha skjedd.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det går på observasjonar av bilar og køyretøy. I tillegg har beskrivinga vi gjekk ut med av gjerningspersonen ført til fleire tips, seier Drønnen.

Mannen blir skildra som 175–180 cm høg og med slank kroppsbygning. Han skal ha hatt lysgrå hettegenser eller jakke og ei svart joggebukse.

Akkurat no brukar etterforskarane mykje tid på teledata og videoinnhenting for å kartlegge kven som var i området rundt klokka 4.30 natt til søndag.

– Eg håpar at befolkninga har tillit til at vi i politiet gjer alt vi kan for å finne gjerningsmannen, seier politiinspektøren.