Hopp til innhold

Full strid om sjukehotell

Direktøren i Helse Nordmøre og Romsdal er opprørt over skeivfordeling mellom helseføretaka.

Sjukehotellet
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Det planlagde sjukehotellet ved Rikshospitalet fører til forsterka skeivfordeling mellom helseføretaka, seier administrerande direktør, Bjørn Engum, i Helse Nordmøre og Romsdal.

Krev meir pengar

Engum krev at også Helse Midt-Noreg får meir pengar ved revidert nasjonalbudsjett.

- Det er brei fagleg semje om at det er ei stor skeivfordeling mellom helseføretaka når det gjeld tilgang på midlar. Dersom regjeringa gir ekstraløyvingar til tiltak og prosjekt i Helse Sør-Øst, så vil den skeivfordelinga bli forverra, seier han.

- Useriøst

Stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Arbeidarpartiet meiner utspelet til Engum er useriøst.

- Eg meiner det er veldig primitivt å kaste seg på forslag om løyvingar i akkurat denne saka. Det trengs meir enn som så for å utjamne forskjellane.

- Men er det ikkje forståeleg at folk reagerer på at regjeringa plutseleg har bladd opp ekstra pengar?

- Nei, det er ikkje forståeleg. Eg meiner ein må jobbe mykje grundigare med det spørsmålet.

Støttar løyvinga

Styret i Helse Midt-Noreg skriv i ei pressemelding at dei støttar løyvinga til sjukehotell ved Rikshospitalet.

Men dei meiner det er uakseptabelt dersom dette fører til at skeivfordelinga mellom regionane vert forsterka.

Styret krev at regjeringa allereie i budsjettet for 2009 legg fram forslag som fjernar skeivfordelinga.

- Grunn til å reagere

Og stortingsrepresentant May-Helen Molvær Grimstad frå KrF støttar Bjørn Engum.

Ho meiner det er på sin plass at dei som arbeider for nytt sjukehus i Molde og barneavdeling i Ålesund no får auka forventningar.

- Det er bra dei har funne ei løysing for Rikshospitalet, men dersom det ikkje også kjem pengar til prosjekta i Møre og Romsdal er det grunn til å reagere, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL