Vil ikkje slå konkurs
Jugendstilsenteret i Ålesund
Verken kreditorane eller styret i Via Mars vil slå selskapet konkurs. Kreditorane vil ikkje bruke pengar på eit konkurskrav, og meiner Via Mars har plikt på seg til å ordne opp sjølv.
Både Judendstilsenteret, fleire lokale kunstnarar og andre leverandørar har pengar til gode i selskapet Via Mars. Oslo-firmaet fekk i oppgåve å smykke ut Jugendstilsenteret, men kom i store økonomiske vanskar i innspurten av arbeidet.
Godtar ikkje avtale
Kreditorene har fått tilbod om tilbakebetaling av omlag 30 prosent av krava sine. Dette er mogleg fordi både dei tilsette og Jugendstilsenterert er villege til å gje opp krava sine dersom selskapet blir avvikla med ei frivilleg gjeldsordning. Endar det med konkurs, blir det langt mindre pengar på kreditorane.
Via Mars har god tid, seier selskapet sin advokat, Eirik Vinje, men han er overraska over at kreditorane ikkje har godtatt avtalen.
– Kritikkverdig
Advokat Erling Flisnes i Ålesund representerer fleire av kreditorane. Han meiner selskapet har plikt til å levere seg sjølv til skifteretten, og at det ikkje er kreditorane si oppgåve å bruke pengar på å slå selskapet konkurs.
Flisnes seier at Via Mars sin handlemåte i saka er høgst kritikkverdig og peikar på at selskapet ikkje er villeg til å opplyse kor mykje dei så langt har brukt på advokathonorar av kreditorane sine pengar.
Ventar på tvangsoppløysing
Om Via Mars ikkje sjølv slår seg konkurs, vil kreditorane vente til Brønnøysundregisterene tvangsoppløyser selskapet på grunn av manglande rekneskap, seier Flisnes.
Vinje seier Via Mars vil gje fullt innsyn i alle dokumenta.